Alt skrevet av TOS
-
topp service fra ...
Norwegian har den politikken at du faktisk FÅR hotellovernatting dersom det er teknisk svikt med flyet. Men derimot om været er for dårlig så må du ta det på eiga reiseforsikring. Opplevde dette for to veker sidan på Gardermoen. Skulle til Bergen med Norwegian men flyet vart så forsinka at eg ikkje ville ha sjans til å komme meg frå Bergen og heim utan å overnatte på parkeringshuset på Flesland. Då var eg og spørde om korleis det var med hotell. Då var det kun dersom selskapet var ansvarleg for forseinkinga noko dei ikkje var her. Så då var eg steikande heldig og fekk meg ein bilett med SAS til Haugesund.... dog like dyrt som eg betalte tur/retur Flesland-Gardermoen-Flesland med Norwegian
-
Norwegian
Er ikkje 100% sikker, men du kan kanskje få grupperabatt ja. Men ville nå ta kontakt med Norwegian eg. Er ikkje forbode å spørja veit du
-
Er det MULIG ?
Lyn er nokså kraftige saker. For ca 10 år sidan slo lynet ned i eit fjell eit par hundre meter heimanfrå. La meg seia det slik... det VAR eit fjell. No er det ei stor steinrøys med 15-20 2 meter breie halvmeter djupe veitar rundt. Lynet SMADRA fjellet til småstein. I fjor sommar, 22. Juni i 20:00 tida slo lynet ned i naboløa. Tok ca 2 minutt så var den overtent. Det sprengte siloane (som var laga av armert betong) til småstein der og.
-
Påkjørt i luften... :)
Eg er med på onlinefyking frå den dag eg får breidbandet opp å går igjen...forhåpentligvis i morgon heheheh
-
Nedlasting av fly.
øøøhmm? www.flightsim.no er jo ei god side om du ikkje har fått d med deg? Elles så har me www.avsim.com , www.fsnordic.net, www.flightsim.com og www.simviation.com
-
Kortbane flyplassene/klarering
Sist eg fauk frå Sørstokken Stord, så sa fykjaren fylgjande: Lima November-Romeo Alpha Foxtrot taxiing to three zerofor takeoff for VFR over Bømlo. Fekk då som svar: Lima Alpha Foxtrot runway free, cleared for takeoff å ha ein skikkelig flott tur Karl... Så tok me då av og Karl svinga flyet inn på vestleg kurs like etter takeoff
-
Prosjekt B-737NG-- (Tips=takk)
Ein container på eit skip kan vere mykje større enn lasterommet på ein Hercules.
-
Prosjekt B-737NG-- (Tips=takk)
Ja den kan endelig stå i hagen heima hos meg. Ingen problem det hehe
-
Prosjekt B-737NG-- (Tips=takk)
Øhm.... la meg tippa... det kjem til åkoste mellom 20 000 og 200 000 å demontere den, frakte den over dammen, montere den og få den operativ. Me er per idag 2580 medlemmar. Så i BESTE fall kjem det til å koste oss 8 kroner kvar. I verste fall kjem det på 77,50 kr per mann. La oss seia at 15% av medlemmane støttar saken. Då er me nede i 387 medlemmar. Då blir det i bestefall 52 kroner per mann. I verste fall, 517 kroner per snute. Så nokon innsamlingsaksjon vil neppe dekke kostnadane. Men det ein KAN gjere. Er å søke staten om pengar til å frakte den over, stte den opp og starte med å la folk prøve seg som pilotar for eit par timar mot betaling og kalle det eit "aktivitetssenter". Men å fått den over hadde jo vore kulare enn kulast hehe...
-
Erstatning for Concorde
Hehe jaddå... Lykke til EADS
-
Ariane
Ehhm.. eg ville ikkje akkurat sett i gang av å skryte om at eg hadde ting piratkopiert... Har forresten ein paint til Ariane 737-300. Må Høyre med opphavsmann o eg får lov å sende til deg...
-
Nokon som vil fly meg neste helg?
Ser ut til at det ordnar seg. Har fått litt respons frå Oslo Flyveklubb.
-
Nokon som vil fly meg neste helg?
Takk for linken Baard. Thomas: Takk for totalt unyttig svar som ikkje gjorde anna enn å ta opp serverplass hos Dag
- Nokon som vil fly meg neste helg?
-
Nokon som vil fly meg neste helg?
Hehe joda for all del Tarjei. Berre ikkje kom med 310en for den har eg ikkje råd til å site ein time i hehe.... Men om du har tid og sjans md eit mindre fly med plass til 3 mann pluss pilot så seier eg tusen takk
-
MK 82 bombe sluppet over Hjerkinn....
JA kunne ha vore skummelt det.. ikkje det at det ikkje var det hehe.. for all del. Men som det stod.. er ikkje sikkert dei tre var i umiddelbar livsfare
-
Nokon som vil fly meg neste helg?
Hallois! Eit spørsmål til folk med PPL-A. Nokon som har moglegheit for å fly meg og ein kamerat og kanskje ei veninde ein tur fra enten Kjeller eller Gardermoen neste helg? Gjelder da Lørdag 22. November. Me er som sagt 3 stykk og delar utgiftene. Dersom akkurat DU har sjans, ver venleg å kontakt meg på straumposten min (E-mail). Den står i profilen
-
Gardermoen take-off
Geir ja den gjorde det og backtracket 17 for takeoff fordi taxebana heilt nord paralellt med rullebana ikkje er sterk nok til at slike tunge fly kan taxe der
-
Skrekktur
Geir: Du kan: Sigla med siglebåt, du kan padla kajakk, eller du kan fly med varmluftballong Nei frå spøk til ladd harpun... Kjenner meg igjen. Målar 186 cm AGL og slit med same problem. Stangar hovudet i nakkastøtten framføre meg, og sit meg knea klistra i ryggen til han/ho/DET føre meg... Var betre plass då me satt 4 mann i cockpit på Boeing 737-300 jo.. hehe
-
Drittvær
Feil. Når prisen per kWh går ned, går nettleiga opp. Prsien er stabil høg no
-
Left downwind/traffic
Left traffic og left downwind er vel det samme trur eg. Og ved left traffic så skal rullebanen vere på venstre hand heile tida.
-
Ulykke
Ja vil sei at den konklusjonen er genial eg når ein ikkje har peiling på KVA som gjekk gale
-
Ulykke
Årsaken er jo klinkande klar: Noko gjekk forferdeleg gale. Men litt meir seriøst. At ukyndige kalar spinn for loop er ikkje unormalt. Var på flystevne på Sørstokken for nokre år sdian. Og då kom ein av dei lokale aktørane innover i sin RV 4 og tok tre-fire roll's over rullebanen. Og då var det vel ein 5-6 som seinare sa til avisa at det mest imponerande var då han hadde teke 10 stk loops etterkvarandre bortover rullebanen. Så spinn/roll og loop kan for forvekslast. Utan at eg kjenner nokon av dei to forulykka, så vågar eg å sei det at det ikkje var snakk om uvøren flygning med akrobatikk for ein "ikkje-snittflygnings" maskin som Cessna 150'en i dette tilfellet.
-
Ulykke
Enig med Joachim. Sjølvsagt skal og bør og må dei søkje etter vraket. Deimå jo prøve å finne årsaken til havariet, og ikkje minst, finne levningane etter dei omkomne slik at dei etterlatte har ei grav å gå til.
-
Gratulerer!
Grattis Einar. Godt at nokon får oppfyllt draumane