Gå til innhold

TOS

Medlem
  • Ble med

  • Siste besøk

Alt skrevet av TOS

  1. TOS la til et innlegg i et emne i Kaffekroken
    Det har oppstått ein stor brann på flyplassen i Istanbul. Les meir på VG Nett
  2. Fantastisk ordspel Er nok litt skummelt når ting ramlar av flyet ja
  3. TOS svarte i Kim Jørgen Brennas innlegg i et emne i Kaffekroken
    Sjølvsagt. Er berre ikkje så vant med å rekne ut ifrå temperatur. Me nyttar std temperaturar på ca 10 grader C ved våre utrekningar. (Som forøvrig kun gjeld ved bruk av heveballong under dykking for å ta opp diverse saker og ting som ikkje får plass i fangstnettet. TD stoooor fisk eller andre "skattar".)
  4. TOS svarte i Kim Jørgen Brennas innlegg i et emne i Kaffekroken
    Cato. Litt flisespikkeri. 1 liter FERSKVATN veg 1 kg. 1 lite SALTVATN (Normalt sjøvatn) vek 1.03 kg
  5. TOS svarte i Truls Petter Elvens innlegg i et emne i Kaffekroken
    Ein ting er vel uansett sikkert. Dersom situasjonen hadde opptsått, trur eg at ein Flightsimmer hadde hatt større sjans til å finne ein flyplass og plante maskina nedpå rullebana eller ved sida av rullebana enn ein som aldri før har kikka på instrumenteringa. Men å lande ein 737....neppe. Å krasjlande....muligens, men tvilar på at alle ombord hadde overlevd. Det er jo forskjell på å lande eit fly og få det ned på bakken i meir eller mindre ein bit. Har sjølve prøvd såvidt å fly litt småfly real. Har prøvd meg på landing ein gang.... endte med at han som var utdanna flyger måtte ta over og gå rundt. Eg hadde ikkje sjans til å kontrollere det godt nok til å få ei fin landing. Det var i vindstille, ein varm sommarsdag. så ein 737 blir nok litt for heftig for ein vanleg "dødeleg".
  6. Dette må eg seia var ein meget interressant debatt. Eg er enig med Arild, Vidar og gjengen. Dersom ein skal skrive eit innlegg og håpar på eit sakleg svar, bør ein skrive eit sakleg innlegg utan for mykje "tullespråk". Det er utruleg slitsamt å lese igjennom 14 linjer utan punktsettingar. Eg er og ein av dei som ikkje gidd å klikke innom innlegg med overskrifter som tidlegare er nevnt som kun står av "HJEEEELP!!" og "KA I??..." Det osar ikkje akkurat fornuft ut av dei, og av erfaring så er det ofte dårleg formulerte innlegg. Om ein skriv dialekt, så synest eg ikkje det gjer noko. Eg prøvde meg med det i starten, og fann fort ut at min dialekt ikkje gjorde seg så godt på trykk, ettersom folk ikkje skjøna kva eg skreiv. Eg gjekk difor over til nynorsk som er mitt hovudmål. Men det er mange dialektar der ute som faktisk er fullt forståeleg skriftleg for majoriteten av vårt norske folk. Eg meinar og at ein bør ha ei fornuftig overskrift. Om ein blandar litt engelske og norske ord så gjer ikkje det meg så mykje. Har ei føling av at vårt norske språk, bokmål som nynorsk, faktisk vert meir og meir gjennomsyra av engelske ord og uttrykk. Det er det diverre ikkje så mykje me kan gjere med. Det er ein naturleg del av utviklingar. Dei kjem jo inn via internett, TV og aviser. (Ja eg har faktisk lest fleire gangar i norske aviser kor artikkelforfattar nyttar utanlandske ord i mangel på gode norske ord.) Eg håpar og trur at folk heilt fint klarar å ta seg saman og skrive litt meir saklege overskrifter om dei berre vil. Rettskriving. Rettskriving er noko alle lærer. Men det sit jo faktisk folk der ute med dysleksi. Dei har som kjent vanskeleg for å skrive heilt korrekt av naturlege årsakar. Så om eit innlegg har ein del skrivefeil, så bryr det ikkje meg. Det burde heller ikkje plage andre så mykje. Det kan vere ein 12 åring som sit der ute og skriv. Men det kan òg vere ein 55 år gamal godt erfaren person som sit der. Berre at han faktisk lider av vår folkesjukdom dysleksi (eg vel å kalle det ein folkesjukdom ettersom det er ein god del av det norske folk som; anten dei veit det eller ei lider av dette). Ha ein fortreffeleg dag folkens, nyt fridagen for dei som har fri, og kos dykk. Eg skal i allefall ned og eta frokost no.
  7. Hehe dritbra!! Lo godt no. Akkurat det eg trengte for å vakne no ein tidleg onsdagsmorgon hehe.
  8. TOS svarte i Geir Gs innlegg i et emne i Kaffekroken
    Ei anna bok som er skriven av ein nordmann som flaug bombefly under krigen er "En krigsflyvers dagbok". Der får du litt informasjon om utviklinga på flyene, kjente barnesykdommer på ulike modeller og i tillegg er det ei fantastisk underhaldande bok å lese. Du kan kanskje og ta kontakt med Sola Flyhistorisk Museum. Dei har litt forskjellig frå krigens dagar og kan sikkert hjelpe deg. Blant anna har dei ein Catalina, ein tjekisk Arado og dei sit på mykje historiske fakta. Flysamlinga på Gardermoen er jo og ein stad å søke informasjon. Eg er rimelig sikker på at dei vil vere hjelpsame med oppgåva di. Lykke til!
  9. TOS svarte i Tom Knudsens innlegg i et emne i Kaffekroken
    Ifølge Airdisaster.com så var det ein Boeing 737-31S som gjekk i bakken. Om bileta visar ein 737-300 elelr 800 har eg ingen formeining om. Men det er no desse bileta som har vore trykt i alle aviser verda over i etterkant.
  10. Ahhh Monty Python på sitt beste dette her. Den gjengen der er berre hysterisk artig
  11. Eg gjer det same som Herr Toll. Eg snur meg, spør fint om det er greitt at eg lenar meg litt attende med stoilryggen. Som regel får eg eit smil og eit "sjølvsagt" tilbake. Dersom dei seier at dei helst ser at eg ikkje gjer det, så let eg vara. Enkelt og greitt. Men eg har sjølve opplevd at folk prøver å knuse knerna mine. Det har faktisk gått så langt ein gang at eg måtte be kabinpersonalet om å få han som satt foran meg til å rette opp stolryggen. Det gjorde han - i ti minutt. Det heile enda med at eg fekk bytte plass.
  12. TOS svarte i Svein Tore Duåss innlegg i et emne i Kaffekroken
    Klokt valg Ivar
  13. TOS svarte i Svein Tore Duåss innlegg i et emne i Kaffekroken
    Satt og tenkte på AKKURAT det samme då eg såg det. Dersom eg hadde missta nokre av mine næraste i ei ulykke så hadde eg reagert kraftig på at det vart brukt so munderhaldning seinare.
  14. Skjedde ikkje dette med ein DC-10 eller MD-11 eller noko liknande borte i USA for nokre år attende? Meinar at dei lossa fremste cargobay først og då kjente stuarane at no går det til vers. Litt etter klatra dei fortumla ut av maskina og oppdaga at det var jo langt ned til bakken hehe...
  15. TOS svarte i Truls Meeks innlegg i et emne i Kaffekroken
    Det har i allefall aldri eg opplevd. Av dei 4 gangane egh ar fått sitte på klappsete så har tre av dei vore med Norwegian. Kan hende du har vore innom cockpit like før vask? Eg for min del har aldri lagt merke til så mykje skit i cockpit på Norwegian sine fly. I allefall ikkje meir enn på andre selskap. Har flydd Norwegian opp imot 30 gangar sidan dei starta opp. Har ALDRI blitt lasta meir enn ein gang. Det har blitt dobbeltrekt ein gang men det var min feil. ------------------- Forresten. Om det er litt maling på flyet så gjer vel ikkje det noko? Eg kan ikkje akkurat seia at SASBraathens sine fly er så forjævla fine at det gjer noko. Eg må seia det at bussane som køyrer rundt med reklameplakatar (Jamfør som i Bergen) er like gale. Om eit flyselskap vil ha reklame på flyea sine for å tjene nokre kroner ekstra, så versegod. Dag har jo faktisk reklame her på FS.no for å redusere kostnadane ved drfitinga av denne fantastiske sida. Det er ikkje fint med slik reklame, men eg er RIMELEG SIKKER på at dersom Flightsim.no hadde blitt stengt ned pga me ikkje ville ha reklame, så hadde GARANTERT folk reagert negativt på dette. Og kvifor? Joda...for då forsvann det reklamen gjorde. Nemleg å halde liv i sida. No påstår ikkje eg at Norwegian vil gå konkurs sjølv om dei ikkje har reklame. Men ein ting er fordømt sikkert...dei tar ikkje skade av det. Einaste må vere at flyet vert nokre kg tyngre og då får eit marginalt høgare drivstoff-forbruk. Så til dykk som klagar på reklame. Slutt med sytinga dykkar og bry dykk heller om ting som faktisk tyder noko. Gå ut og hjelp folk som treng hjelp i staden for å sitte inne og sutre over at flya som flyg i høgder som gjer at me stort sett aldri ser meir enn kondensstripene har for stygge fargar. Det er jo samma søren kva farge det ahr så lenge det flyg oss dit me skal på ein trygg og god måte... Ha ein fantastisk kveld vidare og nyt livet. -Torsteni som straks skal setje seg ned og sjå på reklame på TV2 på trass-
  16. TOS svarte i Erik Hosles innlegg i et emne i Kaffekroken
    Endeleg ein som ser det på same måte som meg.
  17. TOS svarte i Erik Hosles innlegg i et emne i Kaffekroken
    Legg ned flybvåpenet. Slå saman kystvakten og redningsselskapet. Gi dei primæroppgåver som å vokte kysten og kontrollere fiskeflåten samt yte hjelp til skip\\personar i nød. Legg ned hæren og bygg opp fleire spesialstyrkar. Bygg opp heimevernet til å hjelpe til under situasjonar som krever det (Demonstrasajonar, naturkatastrofar, SAR på land etc).Legg ned marinen i sin form per idag og få noko meir effektivt. Ein større vits en ndet norske forsvaret trur eg ikkje egh ar sett på lenge. Fjorten halvgalne russarar kunne ha erobra finnmark på ei veke...
  18. TOS svarte et innlegg i et emne i Kaffekroken
    Hmm... ein ting er i allefall sikkert. Det er ein teit måte og laste ei oksygenflaske på(går ut ifrå at det er medisisnk oksygen i den trykkflaska). Det ville vore mykje tryggare å laste flaska liggjande. Dette pga fare for at krana kan fly til langtvekkistan ved krasj og påfølgande O2 brann. Dette ville igjen truleg ført til ein mindre eksplosiv brann. Har sjølv vore vitne til at Oksygen sjølvantenner og veit kor skummelt det kan vere. Elles så ser det jo ut som om flyet som fleire andre har nevnt, steilar ut pga for låg fart, og at piloten vert stressa og overmanøvrerar flyet ut i ein ukontrollerbar situasjon...
  19. Hmm litt keisamt det der. Litt skummelt å lande i ei myr utan å kjenne til bærestyrken til overlaget er det ikkje? Uansett. Det er kjipt når slike uhell skjer. Spesielt i og med at dette var eit ambulanse oppdrag...
  20. TOS svarte i Joakim Valkvæ Volles innlegg i et emne i Kaffekroken
    Hmm... Kjedlig dette her. Men for å sette ein litt ny vri p ådet... er det berre tilfedlig at antal fatale dykkeulykke er lågt dei åra antal fatale flyulykker er høgt? Og Omvendt?
  21. TOS svarte i Erik Dahls innlegg i et emne i Kaffekroken
    Aerobatics?
  22. TOS svarte i TOSs innlegg i et emne i Kaffekroken
    Tusen takk for URL til det forumet
  23. TOS la til et innlegg i et emne i Kaffekroken
    Heisann. Er det nokon der som ahr ei side med god oversikt over skalamodeller? Tenker i hovudsak på enten Mustang, Spitfire, ME109, Focke Wulf, DC-3, B17 eller B24 evt 26.
  24. TOS svarte i Eirik Støylens innlegg i et emne i Kaffekroken
    Som dykkeinstruktør\\hjelpeinsstruktør har eg vore borti at folk har sprengt trommehinner pga for kraftig trykkutligning. Det skal ikje så mykje til som folk trur for å sprenge ei trommehinne. Faktisk alt for lite. Et kjapt, kraftig blås med stengte utventilar er nok.
  25. TOS svarte i Eirik Støylens innlegg i et emne i Kaffekroken
    Har aldri høyrt om at slikt skjer under luftfart. Men ahr opplevd at min dykkebuddy har komt opp med "grus" i kjeften.