Alt skrevet av TOS
-
SAS vil erstatte SAS/BU med Blue1 og Estonian
Ingen tvil om at konkurranse er sunt. For alle. Om SAS forsvinn, så får me nok eit prishopp både hos Norwegian og hos alle andre flyselskap her til lands. Og det vil me ikkje. Men om SAS no i framtida gr under hammaren som konkursbo. Då trur eg faktisk (utan prov) at ein eller annan luring ser moglegheita til å starta opp igjen. "me blanke ark og tegnestefta tell" så det går i sangen. Og då kan me jo faktisk få betre forhold enn kva me har idag. For det er jo INGEN tvil om at konfliktane i SAS går ut over brukargruppa, i denne saka, passasjerane. Og det er jo absolutt lite bra. Me får håpe at SAS maktar å rydde opp i krigen sin, og at det igjen vert fred. Det er jo synd om SAS skal gå konkurs. Sjølv om det ikkje er overraskande om det skjer. No har jo sjefen deira fått fykn. Kanskje nestemann får med seg styret og kvittar seg med eit par andre karar som er inkompetente på sitt fag(nei eg sa ikje at Lundegaard var inkompetent til å drive SAS). Då vil me kanskje få eit fungerande selskap igjen. Men at det vil ta tid, DET er det ikkje tvil om. Det vil nok, vil eg tru, ta nokså lang tid før me kan sjå på SAS som det selskapet det ein gang var i sin glansperiode. Får berre håpe at dette nye opplegget deira med lavprisselskap vil funke. Men når det er sagt, så ser eg med litt urolegheit på dagens utvikling. Kor langt ned kan kostnadane pressast før det går på helsa og tryggleiken laus? Kva tid får me neste stre flyulykke her til lands? Kva blir så ein eventuell konsekvens av ei slik ulykke? For ulykka er nok uungåeleg dersom me fr for mange lavprisselskap som konkurrerar på ein allereie krigersk marknad.
-
SAS vil erstatte SAS/BU med Blue1 og Estonian
For å vera ærlig. SAS bit seg i halen her trur eg. Legge ned til Molde. Greit nok. Dei kan ta ut nokre ruter utan at det går ut over tilbodet noko særleg. (Går ut ifrå at det vert tatt ut ein flgning eller to på dagtid). Men etter det eg kan meina og hugse, så er det ikkje meir enn nokre månadar sidan dei utvida tilbodet til Modle med fleire avgangar. Kanskje dei ikkje klarte å rekna ut nøyaktig nok kva dei ville tjene? Ikkje veit eg. Men synest SAS FEBRILSK prøver å jobbe med å få økonomien på rett kjøl. Men den ytre strategien verkar litt snodig i mine auge. For utad no, så ahr SAS missta mykje truverde. Dei verar so meit rotete selskap som kun er ute etter å øydeleggje seg sjølve (Sett litt på spissen). Å leggje ned det som faktisk er økonomisk og som funkar, verkar i mine auge litt "molbo". Eg jobbar på folkehøgskule som dykkeinstruktør og sivilarbeider. Her legg me ned linjer som ikkje har dekning nok til å vere økonomisk forsvarlege. Me legg IKKJE ned dei mest populære linjene då dette vil føre til økonomisk ruin innan kort tid. Dette har SAS ikkje forstått ser det ut til. Diverre. Men det vert spanande og sjå framtida. Vil SAS overleve seg sjølve? For det erseg sjølve dei må forsvara seg imot. Ikkje konkurrentane. Til samanlikning. Folk som skadar seg sjølve bevisst eller ubevisst, må beskyttast mot seg sjølve. Ikkje naboen. Nei SAS; Lykke til framover. Måte økonomien betra eg på mirakuløst vis! PS. Har me noko liknande konkursbeskyttelse i Noreg slik dei har i USA?
-
Norwegian utvider med enda flere fly
Petter. Eg må seia det at eg synest ikkje du er så mykje betre når du no gjentatte gangar hakkar på Stian pga signaturen hans. Ikkje for å vere frekk... men du har ikkje ein gang klart å skrive namnet ditt? Ein bør feie for eiga dør før ein klagar på naboen... Elles så synest eg at det er flott at Norwegian utvidar tilbodet sitt til ein stigande marknad.
-
Billige flybillettar til USA?
Har kikka litt rundt på ulike flyselskap sine sider i kveld. Men for å få det enklast mogleg så vil eg helst bestille alle billettane hos ei nagent. Då er det mindre folk å forhalde seg til. Skal eg fly med KLM, så må eg først bestille billett med KLM til USA, og så bestille enno ein billett med nytt selskap frå der KLM landar og fra mtil Myrtle Beach. dette vert for tungvint til at eg gidd å gjere det hehe. Lenge leve latskap. Ein spring ikkje utan at det brenn
-
Billige flybillettar til USA?
Takkar for hjelpa Olaf. Nei som du nemner, så har eg ikkje tenkt meg tilbake før til jul 2007. Bleir der ei stund. Men eg får ta og ringe litt rundt evt sjekke med reisebyrå i byn i løpet av veka. Tusen takk igjen for hjelpa di så langt. Kanskje du kan nemne kor du fann desse prisane?
-
Billige flybillettar til USA?
skal over 7. eller 8. Januar 07. Nermaste intl flyplass... hmmm både Atlanta og Dulles har vore alternativ. Newark og, men då måtte eg flytta over til La Guardia for vidare flygning så det er lite aktuelt.
-
Irvine modell fly motr
De motorene jeg har hatt "i stallen" iløpet av "modellflykarrieren" hadde henholdsvis: 5,2 ccm - 1,2 hk. 7,5 ccm - 1,6 hk. 8,2 ccm - 2,8 hk. 15 ccm - 5,0 hk. 18 ccm - 3,0 hk. Har vært andre motorer også, men hvem kan vel huske alle detaljer... Alle var totakts glowmotorer... Okay. Usikker på kva motor eg hadde. Men det er nå lenge sidan eg var borit denne typen saker og ting no
-
Billige flybillettar til USA?
Uff det gløymte eg i farta. Skal til Myrtle Beach, Conway i South Carolina.
-
Billige flybillettar til USA?
Heisan. Nokon som veit kvar eg får tak i billege flybillettar til USA? Har sjekka ut Kilroy.no og gotogate.no men billegaste flybillet eg får tak i der, kostar 9500,- for tur-billett, og 13500 for tur-retur.
-
Irvine modell fly motr
Syntest 1.9 HK var mykje for ein slik motor. Den maskinen eg hadde i mitt gamle fly, var på 6.5 CCM, og 0.35 HK
-
Sterling NB 677
At det er trang i Sterling sine -800 er sikkert og visst. Flaug med dei ned tl Sharm El Sheikh i vår. Og med mine 196 cm på strømpelesten, så var det tortur. Eg måtte ut og gå kvert 20. Minutt for ikkje å få krampe i beina. Fekk nok med kjeft ifrå personalet når eg tusla opp og ned midtgangen medan setebelteskiltet var på. Men eg klarte ikkje sitte roleg då. Det var enten opp og gå, eller at dei måtte binde meg fast, det hadde dei nok først klart ETTER at eg hadde røska vekk setet som stod foran meg hehe... Me var forøvrig tre i samme situasjon som dreiv og tusla rundt, eg, ein kompis og ein tredjemann frå Stavangerområdet. Vart ganske godt kjent med han etter ca 30 møtingar i midtgangen hehe
-
Kontrollert Nødlanding på ENTC i dag!!!!
Vel...det er jo ikkje så vanskeleg å få eit endeleg svar her for dei som ikkje trur på dykk her inne som kan dette her. er du i tvil om noko du held på med er lovleg, ta ein telefon til Politi og Justisdepartementet. Dei hjelper gladeleg angåande lover og reglar og forklaring av slike. Har sjølve snakka med dei fleire gonger.
-
Det er mulig det er jeg som har uflaks...
Vel Truls. Grunnen til at eg skreiv det om ringbussane, er at eg ville vise at det slett ikkje berre er SAS som til tider er forseinka. Ja eg veit at det går fly frå Kvernberget og Vigra. Men det tar meg totalt ca 4 timar ekstra på reisa tur\\retur om eg skal reise via ein av dei stadane. Og pga bussbilletten, går då vinninga opp i spinninga om eg får 400 kr billegare flybillett ifrå td Vigra. Så lenge det er eit logistikkfirma som skal frakte pax\\gods frå A til B, vil det alltid vere forseinkingar til tider. Slik har det alltid vore, slik er det, og slik vil det alltid vere. Trist men sant. Selskapa kan ikkje gardere seg mot vêr og vind. Eller skulle flyselskapa betale i dyre dommar for å ha fly ståande standby på kvar einaste flyplass dei flyr til\\frå pga at det KANSKJE an bli ei forseinking?...ehh nei trur ikkje det eg heller.
-
Det er mulig det er jeg som har uflaks...
SAS dårleg her og SAS dårleg der... Eg synest nå ringbussen her i Molde oftare er forsenka eg i forhold til SAS. Eg flyr ein del pga jobb blant anna, men og ei ndel på fritid. Eg har tre alternativ. Atlantic Airways frå Molde til Stord, Coast Air frå Molde til Haugesund eller SAS frå Molde til Bergen evt Haugesund. Per idag så har eg kun flydd SAS inn\\ut ifrå Molde. Kvifor? Joda. Pga passande reisetider og at dei faktisk er billegast på dei avgangane som passar meg best. Greit. Dei har vore forseinka, og ein gang "gløymte dei" å lande i Molde (les: Dei måtte gå til Flesland utan å lande på Molde pga feilmelding på at nasehjulet ikkje var låst i posisjon). Har opplevd at turen har teke litt over halvanna time frå Flesland til Molde. Dette pga vêret. Og etter det eg har lært meg til, så styrer ikkje SAS vêret meir enn VG og Siri Kalvig gjer. Så der er SAS unnskyldt. Eg har og blitt forseinka til Oslo. Men der var det igjen mangel på flygeleiarar som var problemet. Og kva kan SAS gjere med det? I N G E N T I N G diverre. Eg byrjar å verta litt lei alt dette maset om at SAS er så sjukt dårleg og at dei absolutt må gjere noko. Eg trur faktisk at dei gjer det dei kan. Problemet deira.... retting; utfordringa deira er jo at det er så mange lovar og reglar dei skal halde seg innanfor. Desse set jo sine operative begrensningar. Når eit fly er forseinka pga mannskapsmangel; kan hende dei har 3 crew ståande på flyplassen, men at dei ikkje kan fly pga at styrmannen si flighttid då blir ti minutt for lang i forhold til kva som er lovleg. Slikt skjer rett som det er veit eg. Ja SAS har monopol på enkelte ruter. Dette er ikkje bra. Konkurranse tvingar jo fram billegare prisar. Men det vert det jo slutt på no ettersom -NAX skal starte flygningar til frå Vigra tre gonger dagleg. Men då vil eg og tilbake til Molde. SAS har ikkje fått nemneverdig billegare billettar etter at Atlantic og Coast byrja å fly. Men dei flyg fortsatt med godt belegg. Slett ikkje uvanleg at dei flyg med fulle fly. Og når eg går av på Flesland og flyet skal vidare til Haugesund, joda. Då sit ofte 3\\4 av pax igjen i kabinen og ventar på ny avgang. Dette pga at SAS faktisk har eit brukandes tilbod og kan hvde seg med dei andre på ein fornuftig og god måte. Eg har aldri blitt hersa med av SAS. Dei har alltid innfridd dei krava eg har ved forseinkingar som dei kan noko for. Jamfør med den gangen Fokkeren hoppa bukk over Molda pga nasehjulet. Dei var veldig raske med å hjelpe meg. Eg gjekk rett til billettluka og gav beskjed at eg måtte heim og kvifor, og dei fekk meg av garde til Haugesund via Osloflyet som gjekk berre ei lita stund seinare. Og det utan at eg måtte betale mellomlegget på billetten. Dette resulterte faktisk i at eg var heime 25 minutt FØR eg hadde planlagt. Så det er ikkje ALLTID at SAS er dårlege. Klart, eg har mange gangar vert på nippet til å bryte saman i eit aldri så lite raserianfall, men det har ikkje vore SAS sin feil. Når eg ikkje kjem meg frå Oslo fordi flyet eg skal av garde med står vêrfast i Tromsø eller Bodø ein vintersdag med tett snøføyke og Storm, ja så er det lite eg og SAS og alle andre i verda kan gjere. I verste fall, så blir det busstur. I beste fall, så kjem eg med ein seinare avgang med ny billett. Og retur av pengane for den gamle billetten? Joda. DEN tar reiseforsikringa mi seg av. Ha ein fortsatt fin kveld folkens!
-
Hvordan vil du dø?
I will die in a chemical accident. How Will You Die?
-
St.maartens sa du?
Eg ser nå biletet av ein "Commander" som kjem inn over stranda i metershøgde... Kopier ut linken : http://www.jetphotos.net/images/y/YV69CP30p.jpg.99676.jpg og lim den inn i adresselinja og biletet kjem fram
-
Avinor Øvelse på Kristiansund Lufthavn
Flott reportasje Vår øving i fjor føregjekk i mørkret midtvinters med 20cm nyslaps og lett regn. Fordømte heldiggrisar!! hehe. Hugsar og at han i gult etterkvart vart litt stressa pga alle smo masa på han om ALT mogleg hehe. Ser ut som om du hadde en fin dag på flyplassen med mykje action
-
Avinor Øvelse på Kristiansund Lufthavn
Hehe neppe min feil... eg låg under masse "vrakgods" iform av enorme mengder Isopor. -Men det var ei jente lengre framme i flyet som hylte overdramatisk om at ho var gravid.... kanskje... kven veit Næmmmen e gobussen blitt aluminiumsfolie altså? Triste greier. Men å seie at du karnøfla den var vel litt underdrevet? hehe
-
Ny bruker
Mail ifrå domene som du eig kan of nyttast. Dersom ønskeleg, kan fetteren din få ei mailadresse frå meg til å registrere seg med I såfall, ta kontakt på PM
-
Avinor Øvelse på Kristiansund Lufthavn
Hehe ingen kommentar
-
Avinor Øvelse på Kristiansund Lufthavn
Var sjølve markør på Molde Lufthavn for haltanna år sidan. Øvelsen føregjekk som følger: Scenarioet: Ein Fokker 50 har havna åp sida av rullebana etter landing og er i brann. det er eit mannskap på 3 og 21 passasjerar ombord. Handling: "Flyet" var ein gammal buss, og me satt litt rundtom i "flyet" og var skadd. Enkelte kun i sjokk, andra hardt skadd (meg deriblant). Brannbilane kom like etter at alarmen hadde gått, og skumme "flyet" etter at dei hadde slokka ein brann i eit ståloppsett med flyform. Deretter kom røykdykkarane inn i "flyet" og søkte etter oss. Me vart så tat ut, anten på båre eller med at dei bar oss mellom seg utan båre og lagt i snøen. Der låg me ei lita stund og vart kalde og våte før medic-teltet var satt opp og me vart tatt inn der i varme lokaler for behandling. Me hadde på førehand fått beskjed om kva me skulle gjere. eg til dømes, gjekk inn og ut av bevisstlaus tilstand, før eg etter kvart vart avskriven sm omkomen. Øvelsen var svært realistisk mtp at Røde Kors vart scrambla, og ambulansar frå sjukehuset kom etterkvart. Debrief var og meget profesjonell. der var alle isntansar representerte, og me fekk varm mat i form av lapskaus og flatbrød med smør (Skikkeleg husmannskost mao). Det som eg tykte var mest morosamt med debriefen var det faktum at det etter passasjerlistene var 21 pax ombord og eit mannskap på 3 som nemt over. Men det rare var at det vart funne og evakuert 25 personar frå flyet etter krasjen.... Men har du moglegheit til å være med som statis/markør på ein slik øvelse, så slå til. Det er utruleg spanande og lærerikt. Men var forberedt på mykje venting før øvinga startar, og at du ikkje nødvendigvis får så mykje informasjon i forkat som du til dels skulle føle at du burde hatt
-
Sea King'ene trenger en vask!
Tja.... ser ikkje anna enn at maskinane vert nokså skitne av landingar på plassar utan skikkelege landingsplassr (grasbakkar eller grusplassar etc). Då me hadde redningsøving med blant anna ein Sea King frå Ørlandet i November 05, så var maskina nokså rein når den kom og landa første gangen. Men etter å ha flydd over sjøen i låg høgd og landa ytterligare 3 gangar på grasbakken som var den einaste som egna seg til landingsplass for dette forholdsvis tunge helikoptere, så var det såpass skittent at det hadde hatt godt av ein vask (noko eg reknar med den fekk). Kanskje dette helikopteret du har observert har landa i området med mykje skit på bakken, som igjen har blitt virvla opp av rotorvinden og festa seg til skroget? Uansett. Blir eit trist øyeblikk då denne karen må kapitulere til fordel for nye redningshelikopter. Som fartygssjefen sa så fint under ein samtale eg hadde med han etter debriefinga på øvelsen : "Folk flest kjenner redningshelikopteret. Og det går under navnet SeaKing'en. Ingen seier Redningstjenesten. Alle referer til redningstjenesten som SeaKing'en". Men på ei anna side så vert det ein stor fordel når me får nye, raskare helikopter med lengre rekkevidde. Kanskje litt avsporing dette her, men det får no så vere.. Ha ein fin dag folkens"
-
SAS-fly måtte nødlande på vej mod København
Knallbra! Men no skal eg ut i sola og.... ja... klippe plen og male vegg.... *sukk*
-
SAS-fly måtte nødlande på vej mod København
Var ikkje retta direkte mot deg denne posten Gert. Håper du forstår det. Men du var nermaste eksempel hehe. Det eg irriterar meg over er denne evindelige flisespikkinga av ting som skjer. No hard feelings?
-
SAS-fly måtte nødlande på vej mod København
MD 80 er ikkje stor i forhold til andre fly nei. Men nå er nå søren meg eit vogntog stort og. Men ikkje i forhold til ein svær MOXY Dumper som brukast i kalkuttaka i Møre og romsdalsdistriktet blant anna. Alt er relativt så slutt å ver så enormt flisespikkete. Avisene gjengir det passasjerane har sagt. Om han seier at han såg motordelane, ja så er det nettopp det avisene siterar. Og ikkje er det sikkert at journalisten veit forskjell på ein MD 80 og ein Boeing 747. Han er eit vanlig menneske som alle andre. Dersom ein botanikar byrjar med detaljforklaring om roser så er eg sikker på at 99% av oss her inne fell av lasset etter at vedkommande har nemnt to ulike rosetyper. For oss er roser roser. Gule roser kallar me gule roser, raude roser kallar med raude roser, og kvite kallar me kvite roser. Folk som ikkje er så veldig inne i desse ulike typane fly, kallar eit propellfly for eit propellfly, eit jetfly for eit jetfly og helikopter for helikopter. Har sjølve ein kamerat som er journalist for Dagbladet i London. Han har sjølv dekka fleire store "events" der nede for avisa. Men eg kan garantere dykk. Han kan IKKJE alt om det han skriv om. Enkelte gonger kan han kun det han blir fortalt av folk i nærleiken av det som har skjedd. Når ting skjer, så er det viktig for media å få publisert det tidleg for å få tjent mest mogleg pengar på det. Han har og dekka ei ndel luftfartsnyhende i frå området. Men når eg spør han om forskjellen på Airbus og Boeing, så veit han kun at Boeing er Amerikansk og Airbus er Europeisk/Fransk. Han kan ikkje fleire typebetegnelsar på fly enn Boeing 737 og Airbus A380. Og N E I. Han er ingen sauskalle som ikkje kan nokon ting. Han kan veldig mykje om veldig mykje. Er rimelig sikker på at han kan banke LIVSKITEN ut av oss når det kjem til Historie f.eks. Han studerar Historie og har planar om å ta Mastergrad i faget. Journalistikken er noko han har som Bi-jobb i tillegg til studier. Og det trur eg faktisk det er ein del ungdommar som har idag. Sånn. No var eg ferdig med utblåsinga mi. Følte berre for å forsvare desse "udugelege idiotane" som resten av verden kallar journalistar. At dette er ein dramatisk hending er det ingen tvil om. Eit fly som misser 50% av motorkrafta er skummelt. Heldigvis for dei ombord og eventuelle på bakken som ikkje har så godt av å få 50 tonn stål, menneske og baggasje i knollen, så gjekk det godt.