Gå til innhold

TOS

Medlem
  • Ble med

  • Siste besøk

Alt skrevet av TOS

  1. Om denne nye Boeing maskina vert produsert gjenstår enno å sjå. Men om ein klarar å få ned forureininga, er jo det fantastisk. Eg tykkjer den ser kul ut eg hehe. Og trur nok den vil verta laga i fleire storleikar, slik at den med 73 meter vingespenn truleg er iblant dei større maskinane. Slikleis slepp me problemet med liten plass ved gate. Og eg tvilar på at den vil verta så mykje mindre stabil på bakken enn noverande fly. Du har jo f.eks ikkje det store flatearealet som halerfinna utgjer som vinden kan leike med, og det ser ut til at du vil få tyngda fordelt litt meir utover alle tre hjula og ikkje så enormt mykje på bakhjula på flyet? V22 er forøvrig ein rå maskin. Fantastisk grom lyd i den. Såg den her no rett før helga. Kom inn og tok ein hit'n run (Touch & Go) her på Conway. Berre fordømt kjedlig at den ikkje stoppa opp ei lita stund. Hadde vore moro å kravla litt å den med kamera hehe.
  2. Evig tøft! Håpar dette vert ein realitet då! Utruleg tøft å få romfergesim i fedrelandet!
  3. Artig å lese kommentaren på den youtube filmen. "Landet hardt så nesehjulet kollapset".... Eg spør meg sjølve... er eg blitt bilnd? Eg ser ingen nasehjul på den filmen der. Men bra jobba av fykjemanden i framsetet i allefall. Såg ikkje ut til å gå så hakkande gale ut over flymaskina det der. Til VG: Høyrt om han som missta hesten sin og sprang til politiet og anmeldte det? På spørsmålet om korleis hesten såg ut, svara mannen, stressa som han var: "Svart var han kvit og bak var han framme". (Til dei som ikkje skjøna denne, så var det mtp at flyet aldri landa med nasen først)
  4. TOS svarte i T. Paulsens innlegg i et emne i Kaffekroken
    Skal vedde på at fleire av dei som klagar flytta dit ETTER at flyplassen vart bygd også....
  5. TOS svarte i Jonny Wahlvågs innlegg i et emne i Kaffekroken
    Hmmm mest truleg normal cruisespeed tenkjer eg. Clean speed er eg usikker på kva kan vere på denne doninga hehe...
  6. TOS svarte i Jonny Wahlvågs innlegg i et emne i Kaffekroken
    Naah sikkert i cruice fart på 10 knop . For dei som tek seg tid til å lese, så står den har ein fart på 17 knop.
  7. TOS svarte i Jonny Wahlvågs innlegg i et emne i Kaffekroken
    Hmmm det der gav meg faktisk ein idè til dykkefartyg hehe...
  8. Her har nok (un)Securitas hatt ein dårleg dag ser det ut til. Er rimeleg sikker på at eg hadde gjort det same.....om eg var pilot....
  9. Desse bileta er det årevis sidan eg tok, og nei eg har ikkje prøvd å laste opp desse. Men har prøvd mange andre bilete som eg meinar er meir enn gode nok til å verta vist på ei slik side. Det kamerae eg nytta på dei bileta der, var eit gammalt Olympus C990 digitalkamera på 1.2 MP og 3x digital zoom. Men eg bryr meg eigentleg fint lite. Eg tar flybilete for å forevige ting som skjer. Og om eg ikkje får lagt dei ut så tar eg det ikkje så tungt. Slepp i alelfall å bekymre meg over at dei vert brukt utan min godkjennelse Bilete 1 Bilete 2 Bilete 3 Bilete 4 Bilete 5
  10. Dei 20 siste bileta eg har lasta opp der har blitt "rejected" fordi dei var for vanlige og hadde for dårlig kvalitet. Og det er det beste eg klarar å ta av bilete med mitt kamera. Så eg gidd ikkje laste opp meir. Sånn personleg så synest eg at Airpics.com har blitt litt for kresne...
  11. TOS svarte i T. Paulsens innlegg i et emne i Kaffekroken
    Dette må jo eg gjere etter kvar einaste tur. Skal søren meg begynne og få passasjerane til å gjere det eg og.....ehh i allefall instruktøren hehe...
  12. TOS svarte i Bjørn Bergums innlegg i et emne i Kaffekroken
    Joda følelsen kjem fort. Men det er ikkje det samme osm å fly flightsim. Du har heilt andre perspektiv på ting. Og eg vil annta at om ein vert nødt til å fly ein 737 inn for landing, så vil de ende med krasjlanding. Tvilar sterkt på at ein som ikkje har flydd i real life før klarar å lande ein større maskin. Småfly tåler enormt under landing. Store fly...veel dei tålre ikkje så enormt i forhold til kor mykje som skal til for det enorme til å skje.
  13. TOS svarte i Bjørn Bergums innlegg i et emne i Kaffekroken
    Veeel.. lande er vel å ta hardt i.. krasjlandem ed større sjans for å overleve er vel meir realistisk tenkjer eg. Forskjellen på flightsim og real life er utruleg stor.
  14. Eg har meir enn ein gang blitt stoppa i sikkerhetskontrollane her i Noreg. Og eg har enno til gode å verta bedt om å bli med bak eit forheng. Men eg har sagt klart ifrå at eg ikkje lar dei rote i min baggasje så andre kan sj ådet. Om dei ikkje har nokon skjerm å gå bak så har dei eit problem. Eg hugsar og ei ngang eg om ifrå Bergen, og skulel til Molde via Oslo. I Oslo prøvde fyren å nekte meg å ha med ventilsettet mitt til 7000 kroner, og kravd at eg skulle leggje det igjen i sikkerhetskontrollen. (Eg har dratt dette ventilsettet med meg x antal gangar Molde-Bergen, og to turar til utlandet ifrå oslo, og ein del gangar ifrå oslo til Molde att. Enden på visa var at eg sa at eg gjerne kunne leggje det igjen, viss han betalte verdien på det og gav meg ein god grunn til at det skulle verta igjen i Oslo. Han ville ikkje betale, men han prøvde seg med at eg kunne kvele nokon med det... eg såg dumt på han og begynte og le.. så han lurte på kva eg lo av... eg svara med å peike på beina mine og spørje om han såg skolissene mine. Det gjorde han måtte han medgi....eg forklara han då at dei var mykje enklare å kvele folk emd enn eit ventlisett på 1.9 kg, og 5 slangar på med tilhøyrande ventilar og manometer. Dei tok òg ifrå meg ein lommekniv eg hadde glømt at låg i sekken min på ein tur til Egypt. Greit sa eg, det var ein kniv til 50 spenn så eg gadde ikkje bry meg. Kom inn på utanlandsterminalen og var innom ein butikk der... og jgett kva eg kunne kjøpe der?... joda.. kremt... ein kniv med 25cm langt blad...ti lden nette sum av 350 kroner. Snakk om fjøsnisse og suppestyr...
  15. TOS svarte i TOSs innlegg i et emne i Kaffekroken
    Jau det var nokre timar for seint hehe... Men takkar for svaret uansett
  16. TOS la til et innlegg i et emne i Kaffekroken
    Halloen folkens. Eg lurte på om nokon visste kor eg kan finne approach charts for Kapp Verde? ICAO: GVAC. Er p åveg nedover med jumbojeten men kom plutselig på at kart e ein fin ting å ha hehe...
  17. Hehe skal huske dette neste gang eg flyr....sjølv om sjansen for å verta kapra er minimal i ein C152......
  18. Hehehe... problemet var vel heller at det ikkje var nemnt i artikkelen då eg leste den. Vart litt meir intelligent då ja..... i den grad ei flykapring er ein intelligent ting å gjere.
  19. Det eg ikkje skjønar er kvifor tufsen kapra flyet og tvinga det til den samme plassen det eigentleg skulle?.... eller er det noko eg ikkje har fått med meg? (Stod nettopp opp ifra middagsluren så litt trøtt enda)
  20. TOS svarte i Tom Knudsens innlegg i et emne i Kaffekroken
    Så om du bulkar støtfangaren på bilen din har du per definisjon havarert? På sjøen er i allefal ldet eg har lært, eit havari når eit fartyg er i ein situasjon der det ikkje kan manøvrere meir en 70% av det den skal for eigen maskin, og det er fare for livet til mannskapet ombord.
  21. Glømt å slå av batteriet kanskje?
  22. Svarte f*en....detta blir jo fenomenalt om den kjem i litt nyare form
  23. TOS svarte i Olaf Ghanizadehs innlegg i et emne i Kaffekroken
    Eg er så freidig at eg legg ut 3 bilete av meg.... [image]http://rafteseth.com/users/sonstrabo/fs/1.jpg[/image] [image]http://rafteseth.com/users/sonstrabo/fs/3.jpg[/image] [image]http://rafteseth.com/users/sonstrabo/fs/2.jpg[/image]
  24. TOS svarte i Morten Blindheims innlegg i et emne i Kaffekroken
    Eg vil våge å påstå at dersom det hadde vore 150-200 meter lengre sikkerhetsområde på Sørstokken så er det godt mogleg at fleire liv hadde gått tapt. Flyet hadde vel neppe klart åstoppe då før det tok slutt på land og sjøen neste. Og Det er lettare å redde seg ut av eit brennande vrak på land enn eit brennande vrak som er på veg ned i det store blå djupet. Dersom farta har vore så høg ved utforkøyringa som media og andre vil ha det til så trur eg NEPPE at litt grasbakke kan stoppe flyet fortare enn ei asfaltert stripe...
  25. TOS svarte i Morten Blindheims innlegg i et emne i Kaffekroken
    Ulykkesflyet har kome sørante og landa mot nord på bane 33. Men Atlantic Maskina som kom inn ti minuttar før har truleg komme inn på bane 15 (IHT min far som såg det komme inn ifrå kontorvindauga sitt (altså han såg det ifrå kontorvindauge. Flyet kom ikkje inn mot 15 frå kontorvindauga). Det som eer problemet med Stord flyplass er at det er veldig kupert terreng i begge endar av rullebana. Når eit fly først havnar i grøftekanten der så går det til med skikkelig brak slik som i denne ulukka. På ei anna side så kan og det kuperte terrenget ha berga livet til mange ombord. Dersom det hadde vore flat fin bakke bortetter hadde ikkje flyet stoppa så fort og sjansen for at maskina då hadde havna i sjøen er noko større. Og eg vil gå ut ifrå at ein slik maskin vil synke forholdsvis raskt, alt etter kor knust skroget vert ved kollisjonen med havflata. Eg såg personleg bort på ulukkesstaden då eg var på veg til Molde idag. Det var då gått ca halvanna time etter hendinga og det brann godt. Og sjølvom eg var nokre km borte så var det ikkje vanskeleg å sjå omfanget av ulukka materiellt sett. Det låg delar strødd utetter heile skråningen og det brann kraftig og mykje svart røyk. Mine tankar går til dei etterlatte av dei omkomne. Eg vil i same slangjen gi ein god porsjon ros til bergingsmannskapa på flyplassen og alle som var med og hjalp til etter ulukka. Utan eit slikt profesjonnelt aparat hadde nok ulukka fått mykje større omfang. Det manglar jo òg kun 2 dagar på at det var nøyaktig 8 år sidan førre ulukke på Sørstokken. 12. Oktober 1998 kom ein tomotrs Cessna ifrå Danmark inn for landing med 8 passasjerar og ein flygar ombord. Etter det eg hugsar ifrå rapporten (www.aibn.no) (PS. Eg fann ikkje rapporten i farten) så skulle flygaren setje tankvelgaren til fullaste tank, men sette den feil og sette den til ein tank som var tom med påfølgande motorstopp i låg høgde like sør for Sørstokken og dei small i skogen knappe kvartmila ifrå rullebana. Me får håpe dei raskt finn ut kvifor denne ulukka skjedde slik at me slepp dei vanlege spekulasjonane i hytt og helv... om årsaka. Dette er ein trist dag i norsk luftfart....