Alt skrevet av TOS
-
Hangarskip til kai i Bergen
Som du vidar seier, Renè er eit namn som vert brukt på både gutar og jenter. Eg har forøvrig ein kamerat med namnet Kim Renè, og ei venninde med namnet Kim Aila. Så same namn brukt på både gutar og jenter. Tom: Fører det til at dei er transer? (Ja den uttalelsen til Tom provoserte meg kraftig).
-
Leteaksjon i Florø-området
Eg meinte på ingen måte å seia at dei sivile aktørane me har idag ikkje er proffe nok for jobben. At RS Bør trene meir med andre aktørar er det ingen tvil om. Dei eg har snakka med og hatt med å gjere på øvelsar, har sagt at dei føler dei får alt for lite trening i større katastrofeøvingar. Enkelte båtar trenar med helikopter fleire gangar årleg. Mens andre båtar enno ikkje har hatt line ifrå eit helikopter ombord. Eg veit at det ikkje går å slå saman 330 og RS. Men kostnadseffektivt trur eg nok at det hadde blitt betre. Ferre folk i administrasjon = meir pengar til operativ tjeneste. Men så lenge me får eit solid, gjennomført og gjennomtenkt tilbod når me er i naud, så er det revnande likegyldig om han soom sit bak stikka i helikopteret eller til rors på båten er sivil eller militær. Det viktigaste er å berge flest mogleg liv når det trengs, på kortast mogleg tid.
-
Hangarskip til kai i Bergen
Forsiktig Tom. Veit om fleire som har liknande namn. I enkelte land er det ditt namn som virkar "homo" som du så fint seier det. Tenk før du kommenterar.
-
Leteaksjon i Florø-området
Ikkje det at eg trur at sivile mannskap er dårlegare enn 330 mannskapa, men eg trur at me får betre tryggleik om me har ein etat som driv SAR med helikopter. Dersom me har fleire ulike aktørar, har me fleire ulike måtar ting vert gjort på. Og dess fleire ulike måtar ting vert gjort på, dess enklare er det at misforståelsar og forvirring oppstår når dei skal samarbeide med andre mannskap, til dømes på redningsskøytene langs kysten vår. Eg veit at mange av mannskapa gruar seg til å operere med helikopter i ein reell situasjon fordi dei ikkje får nok trening i det. Og eg veit om kapteinar på redningsbåtar langs kysten vår som ALDRI har vore med og operert båten sin ilag med helikopter under trening. Dei har vore med og operert andre båtar, men ikkje den dei har no. Og det er litt trasig då om det plutseleg er fleire system ute og har ulike prosedyrar. Eg har meir tru på at det vil vere meir effektivt og meir tryggleiksskapande å slå saman 330 skvadronen og Redningsselskapet til ei stor avdeling med søk og redning som hovudfag. Det som er viktig for etatane idag, er å få trena ilag. Det gjer dei alt for lite. Kvifor: pengemangel. Det er rett og slett hårreisande at det skal stå på pengar når det gjeld trening for å berge liv her i landet.
-
Leteaksjon i Florø-området
Ja for all del. Misforstå meg rett Hans Petter. Eg meinte overhode ikkje å seia at dette ikkje vart håndtert på ein forsvarleg måte. Eg både trur og håpar at me får ein base i Florø. Me kan absolutt ikkje klaga på dekninga av redningspersonnell her til lands. Me har eit utruleg bra system som rører seg så snart nokon ymtar frampå om at ein person kanskje moglegvis er sakna i eit område. Men at ein base i Florø vil auke tryggleika på Stadtlandet og omegn, DET kan ingen seia noko på.
-
Leteaksjon i Florø-området
Nei slett ikkje Kenneth. Men at du har over halvanna time flytid ifrå nermaste SAR Base er litt for lenge.
-
Leteaksjon i Florø-området
At det ikkje er oppretta SAR Base i Florøområdet er jo rett og slett idiotisk. (Veit at det har vore planlagt i lengre tid no). Men med ein slik nærleik til Stadt, og andre vêrharde kyststrekk så er det jo naudsynt. Lat oss sjå for oss ein katastrofal situasjon: Ein båt går ned i storm. Redningsskøyte, kystvakt og politi er på staden etter 25 minutt. Medan dei ventar i to timar på helikopterstøtte ifrå Sola og Ørlandet. Nei få base i Florø kjapt som fy! Men eg er stygt redd for at det må ei ulykke til som vanleg, og nokon må misste nokon dei er glad i. Eg berre håpar det ikkje vert nokon eg kjenner og er glad i.
-
Flyvertinne og Flykaptein Fengslet!
Tja.... ein kan jo faktisk vere kaptein uten å vere PIC. det kan vere to kapteinar på same flygning, men kun ien som har utøvande makt som PIC. Så å fråskrive seg ansvaret kan vere heilt greit det dersom det ikkje er han som er ansvarleg. Det står ingenting om rangen til sjefspiloten, men eg går ut ifrå at han må vere av same, eller høgare rang enn vedkommande kaptein som havna i buret. Kva som er logisk ifrå kapteinen som no sit fengsla, er jo ein annan sak. Dersom han hadde mistnake om at noko var gale, burde han ha gitt beskjed til sin kollega om dette.
-
Forum regler og retningslinjer
Nei men det vert fullstendig meiningslaust å vise eit bilete som må scrollast for å sjå heile. Eg for min del gidd ikkje scrolle sidelengs i ein halv arbeidsdag for å sjå eit bilete.
-
Video fra evakueringen av A380
Okay då er jo saken ein annan sak.
-
Video fra evakueringen av A380
Og flyet står i ein hangar og alt er fint og roleg. Skulle gjerne sett dette verta gjort dersom flyet sklir av bana, vert skada og ein eller fleire utgangar ikkje fungerar. Flyet vert fyllt av røyk og PA Anlegget ikkje fungerar som følge av straumbrot. Å tømme eit fullt fly, i rolege omgivnadar og alt dette er ingen problem. Får litt tankar attende til Sleipnerulukka. Der hadde jo alt vore testa av sjøfartstilsynet og blitt godkjent. Men dei testa det inne i havnebassenget i haugesund, kor høgaste bølge under testen var anslått til å vere 25-30 cm. Men når ting gjekk gale, så funka ingenting og 16 personar omkom som følge av det. Og det var kun fordi det var lite folk ombord i båten. Hadde den vore fullasta (385 pers inkl mannskap) så hadde nok fleire gått med.
-
Småhard landing
Hmmm slike landingar har jo eg kvar dag jo!...
-
Trodde hjula var nede!!!
- Så var det mere bråk om Sikerhetskontrollene
Hehe Tom: Kva om stakkaren er skytebas? Driv og lempar dynamitt heile dagen. Og så luktar den maskina der sprengstoffrestar på huden til stakkaren. Blir jo lempa i kasjotten fordi han hadde vore på jobb og vaska seg litt dårleg då jo hehe...- Kapring med stil!
Denne var ny for meg hehe. Fantastisk bra! :-D- BlueAngels har hatt ei ulykke.
Fann same lengen som Halvdan.- BlueAngels har hatt ei ulykke.
Hallois. Høyrde nettopp på radioen at Blue Angels har hatt ei ulykke under eit flyshow på Charleston AFB idag.- Jagerfly styrtet i Sverige.
Ehm... å sei at nokon MÅ ha gjort noko for å utløyse slikt er litt drøyt. For kva skjer når du drar i det håndtaket? Jo du aktiverar ein brytar. Kva kan skje med brytarar? Kontaktfeil. Det er INGENTING som er umolgeg når det er ei rekke av ting som må skje for at noko skal utrettast. Har sjølv opplevd at utstyr har svikta utan at det skulle vere mogleg. Men det er fullt mogleg å ha feil på ting. Uansett kor sikkert det er. Det skulle for eksempel ikkje vera mogleg at motorar på pasasjerfly skulle slå seg i revers inflight heller, fordi ein MÅ trekke thrustlevers bakover for at det skal skje. Men fly har styrta pga det for det om.- Dyrelivet på Sola
Reknar nok med at dei gjer ting litt etter reglane når dei skal på fjernsynet ehhe. Men ein veit jo aldri... gamal vane vond å venda...- Dyrelivet på Sola
Kven er busted?- Dyrelivet på Sola
Og så lenge du er meir enn to km ifrå nermaste land, kan du skyte sjøfugl ifrå båt.- Formally Braathens?
Jepp. Bilete av same fly i 2000- Ny måte for pushback og taxing
Jepp...rett fram heilt til dei klarar å spinne med drivhjula... og har du litt sidevind då så er det Airbus Carousel A321 Spincup bortover taxebana- Ny måte for pushback og taxing
Fordi? Fordi bakhjulsdrevne bilar kjem med ræva rimeleg fort når dei slepp i motsetning til framhjulsdrevne som berre fortsett rett fram...- Ny måte for pushback og taxing
Enda meir morosamt om dei hadde vore bakhjulsdrevne på glattisen hehe... - Så var det mere bråk om Sikerhetskontrollene