Alt skrevet av TOS
-
ATC og svigermødre.
Haha fenomenalt!!
-
Forsvunnet/slettet post?
Synd dette Vidar. Du har gjort ein fantastisk jobb. Eg har ikkje alltid vore enig med deg i dine avgjersler, men det betyr ingenting. Håpar forumet lærer av dette. Me har missta mykje ved at du trekjer deg som moderator. For det er noko forumet absolutt treng. Det er alt for ofte at ting tar av fullstendig utan kontroll. Og ting som går til himmels utan kontroll har ein tendens til å skada omgivnadane og andre ting på bestialsk vis, anten ved å få forumet til å virka useriøst, eller skrema vekk potensielle medlemmar. Om det ikkje er for mykje å be om, så håpar eg at du ombestemme deg og fortset som moderator. Me treng det.
-
Perfekt tårta på födelsedagen.
Grattis med overstått. Kunne ein ete flyet også?? :grin:
-
Masse båter......store og små...
Flotte bilete. Mange fine skattar ifrå kystnoreg dette her. Best likte eg bileta av MS Vingtor og MS Granvin. Har nokre bilete ifrå kystnoreg eg også...men stort sett restar er eg redd. Byrjar med eit bilete av seglskuta "Utror", som me nytta siste året eg jobba på Rauma FHS. Ein replika av ein 1870 modell Møringsbåt. 51 fot tomaster. Ved full seilføring hadde me mesansegl, storsegl, forsegl og klyver oppe. Me pressa den på det meste opp i snaue 12 knop. Motoren ombord er ein SABB Diesel 36HK. Vedd normal motorgange går den i ca 6 knop. Ved full storm motvind går den til tider i -2 knop (bakover) med full motorkraft forover. Dampkjelen på DS Rokta som forliste ved Gallerskjæra under dramatiske omstender, 3. April 1938. Meg i "hover" over ein av livbåtdavitane på styrbord side av vraket. Bilete teke ifrå restane av brua på Rokte. Ein av lastelukene som ligg igjen. Vraket ber preg av mange vinterstormar på havets botn.
-
Hva tenker unge bilførere på
Hehe ingen problem Olstad. Eg for min del har ikkje noko å tilføye i denne diskusjonen no. Alt eg hadde planar om å seia er faktisk sagt.
-
Hva tenker unge bilførere på
Du spør : Hva tenker unge bilførere på? Eg svarar, og eg er rimeleg sikker på at eg i allefall er inne på sanninga, dei tenkjer ikkje. (Gjeld slett ikkje alle). Problemet er at dei ikkje kan tenkje konsekvens.
-
Nytt fly fra Russland
Ehmm...russarane er jo kjent for å laga fly som absolutt IKKJE liknar på andre fly (med nokre få unntak). Flott maskin dei har mekka saman her. Gler meg til me kan sjå den på flyplassar rundtom i verda.
-
M/S Sjøkurs
Flott skute dette her. Har vore mannskap på M\\S Harald Jarl ein tur Begen-Kirkenes-Bergen for nokre år sidan. Ein utruleg flott opplevingi ein båt som er så og sei lik denne her. Gler meg til å sjå bileta av maskinen.
-
Hvordan planlegger du din flight?
1. Finn ein destinasjon. 2. Set meg ned med kartet og lagar ruta. 3. Sjekker Winds Aloft for å finne ein brukande høgde. 4. Sjekkar metar og taf og tar ustrkift. 5. Ringer FSS og får Weather Brief og Notams. 6. Legg inn vindar og reknar ut winndcorrections, groundspeed og tid mellom kvar waypoint. 7. Ringer FSS og leverar flyplan. 8. Reknar weight & balance 9. Preflightar, sjekkar fuel. 10. Fyrer opp maskina, taksar ut og tar av.
-
Lufta for alle
Dette som kallast grisevêr?
-
Der UnterSim!
Sett den før, men flirer like godt kvar gang hehe.
-
Ditt flyhjørne...
HAHAHA... DAGENS :grin: Har ikkje fotoapparatet her. Men eg har stort sett dykkebilete rundt meg her...
-
Ektepar utro med hverandre
Er vel kanskje ein fungerande måte å sprite opp eksteskapet på dette? Eller det funkar motsatt....hehe
-
The Bourne Ultimatum
Såg denne på premieren for ei stund attende. God film og heftig action heile vegen. Nesten så det vart for mykje av det gode....men det skal godt gjerast. Er som Arild nemner, likar du dei to føregåande filmane, så likar du denne.
-
MD80 flysimulatorer til Skedsmo
Humm.... eg og vil ha!! Vert artig å teste denne når den vert ferdig ein gang... :grin:
-
I gang med ny FS-film.
Flytampa sitt scenery over St Maarten og omegn er jo fantastisk og bør vere det perfekte for flygning.
-
Hva ville du egentlig gjort?
Ja når du sit på sete 12F i ein SAS Fokker 50 nyttar det å dra i stikka og gi gass... Trur nok eg ville ha gitt beskjed til besetninga om det ja. Kan jo vere at dei i cockpit ikkje har fått rett indikasjon på lampane sine, ettersom dei ikkje har gitt beskjed til pax at dei landar utan hjul. (Går ut ifrå at emergency-briefing ikkje er gjennomført av kabinpersonale\\kaptein).
-
Ørepropper i boblebad
Discman'en var montert inn i ein Tuppervareboks som eg hadde borra hull i til ledningen, brukt sikaflex på holet rundt ledningen og så gaffatape rundt. Deretter stappa eg den nedi tørrdrakta og lot lednignane gå opp igjennom halstetninga på drakta og inn i øyro. Måtte gjere det på sommaren då eg fekk problem med at hetta øydela litt. Lydkvaliteten var "grei nok". Nytta pluggar som du stappa godt inn i øyro med isolasjon rundt.
-
Ørepropper i boblebad
Ikkje berre ei stund, men dei øyreproppane eg nytta, haldt i tre dykk på ca ein time kvar med maksdybde ned til 35 meter.
-
Ørepropper i boblebad
Berre for all del pass på at mobilen\\discman'en\\ipod'en og liknande ikkje tar eit svalestup nedi til deg medan du har ladaren kopla i veggjen. Då kan det i verste fall verta litt ubehageleg ombord og det kan lukte litt svidd.
-
Ørepropper i boblebad
Nei. Eg har nytta øyreproppar under DYKKING (så langt ned som 35 meter) og det funka heilt fint. Det er ikkje nok straum som går igjennom dei til at det vil vere noko skadeleg. Men det kan vere lurt å bruke nokre billige øyrepropar for dei går i stykker etter ei stund om du får vatn på dei (kjedlig å øydeleggje prppar til rundt 1000 spenn).
-
Er det bare meg eller?
Slik eg forstår Geir, så har det forekomt drittslenging om han i private meldingar og på andre fora kor han ikkje har anledning til å svare for seg. Han seier jo sjølve at han tåler det meste som kjem ut i det offentlege som han kan komentere sjølve. Å drive med drittslenging utan at andre kan forsvara seg, er jo rett og slett smaklaust, umodent og dårleg gjort. Det einaste Geir ber om, er at slikt vert slutta med. Det bør alle klare å respektere og forstå.
-
Hvor nærme passerer rutefly hverandre i luften?
Den sveitsiske flygeleiaren vart drepen av ein av die pårørande i TU154'n. Altimetra i fly skal være max +\\- 75 fot ifrå field elevation når du set QNH.
-
Hvor nærme passerer rutefly hverandre i luften?
Berre sånn for litt informasjon til Kuloe som gir litt feilinfo ifrå ulukka over Sveits. Flygeleiaren satt ikkje i telefonen. Telefonlinjene hans var nede. Han var opptatt med ein anna radar som stod nokre meter bortanføre. Han fekk trafikk som ikkje var venta og ting tok litt lang tid. Når han då fekk med seg at ting holdt på å gå til helsikke, så gav han Tu154'n beskjed om å gå ned. TCAS'n ombord gav beskjed om å klatre. DHL maskina som ar på kryssande kurs gjorde som TCAS sa, dei gjekk ned. Noko som igjen førte til at saken utarta. Det som i hovudsak var utløysande faktor for denne ulukka var at det russiske mannskapet 8med forøvrig 3 kapteinar, ein styrmann og ein "flight engineer" i cockpit, ikkje gjorde som TCAS'n sa, men følgte instruksane ifrå ATC. Ein skulle tru at ICAO hadde utvikla ein standard prosedyre for at du gjer som TCAS seier når den slår ut. Men det var ikkje tilfelle. Det var ikkje sagt noko som helst om det. Og tilbake til saken. Mange av midair kollisjonane me har til no, skjer pga eit av flya er der dei ikkje skal vere. Det vere seg eit lite Cessna som har rota seg inn i luftrom det ikkje er klarert for, eller ein 747 som har feil altimetersetting og klatrar igjennom høgda si og ligg på feil høgde på feil tidspunkt på feil plass og.....pang.... Mao, så er faren for mid air forsvinnande liten.
-
Hvor nærme passerer rutefly hverandre i luften?
1000 fot er meir enn nok. Idag har du jo f.eks TCAS som gir beskjed om du kjem i konflikt med andre fly, og ATC har system som overvåkar dette og dei får beskjed om det dersom to fly er på kollisjonskurs.