Alt skrevet av TOS
-
En liten forglemmelse...
Hmmmm kan ikkje anna enn å gapskratte eigentleg. For slikt er så ufattelig teit gjort. Sjekklister er ein fin ting :grin:
-
Ødelagt satelitt skytes ned.
Hadde vore litt morosamt om den deisa ned i fjellheimen i USA. Undrar meg på kva resultatet hadde vore? 3. verdskrig? Ingen kan jo angripe USA utan å få igjen. Og om USA angrip seg sjølve så må dei jo i så måte ta igjen med å gå til krig imot seg sjølve. Undrar meg på korleis det skulle gått til? US Air Force imot US Navy og så sender dei inn US Army for å vera "fredsbevarande styrker"? hehe
-
Crash, både til lands og til vanns:P
Altså... er det ingen som ser det? Dette er berre luftfartsindustrien som forskar på vannjet :grin: Var litt småkomisk å sjå på det flyet som taksar rundt der i vatnet medan dei folka i jolla slit som stygt med å få motoren igang ser det ut til. Situasjonen i seg sjølve er alt anna enn komisk. Ting kan veldig fort gå galt.
-
utfordrende approacher ?
Localizer approach inn til Hovden ENOV er jo ganske artig i marginalt vêr. Derk jem du rimelig på tvers av bana :grin:
-
Glamour Model of the Year. Send GLAM 11 til 2242
Ikkje fungerar nettsida du linkar til heller Thomas hehe. Men litt mi meining. Glamour meg her og glamour meg der....er den gjennomsnittlege norske jenta som er finast :grin: treng ikkje vere glamourmodell med snerten bakdel og store fordelar for at eg skal ta ein "360 for spacing" hehe. 18 års grense?...tja om det fortset slik så vert vel kanskje det det neste. Ein eigen avdeling kor dei myndige kan prata om ALT hehe.
-
HARD landing i London
Har sett mange landingar av dette slaget....rett nok Cessna 152, men det ser ganske likt ut igrunn. "Smack, sprett, nasegrus skrik dunk vipp klask brems" hehe.
-
Folk driver med egentlig?
Går på flyskule, NEAR\\NAIA. Nermar meg slutten på skulen her i USA, og skal ta til som instruktør i løpet av ei nmånads tid. Ser for meg ei framtid på brua av eit fly.
-
Kvinne stakk pilot med kniv
Eg har ei kjensle av at dette her er meir eit rop om hjelp enn eit ønskje om å skada andre. Ut ifrå det eg har lese (nei ikkje på VG og Dagbladet) så verkar det som om denne kvinna har slitt med psykiske problem tidlegare utan å få noko serleg hjelp av helsemyndigheitene. Men det er min teori då. Trasig at slikt skjer uansett. Men det gjekk heldigvis bra denne gang.
-
Instrument rating i boks ;D
Gratulerar med IR Jon. Må seia meg enig med Petter. IR'n er den vanskeligste biten av utdanninga i USA. Og gled deg til du får ei vifte til utanføre cockpiten. Flyet går raskare, det er meir å gjere, så på første turen så må du ikkje verta frustrert om flyet held på å lande medan du mentalt sett er på climbout. Ting skjer raskare, og det er nye utfordringar og mykje moro i vente. Lykke til vidare.
-
5 meters low pass
Dette har ingenting med om ein meinar at det er greit eller ikkje. Piloten utførte, heilt bevisst, ein manøver som bryt med reglane om avstand til folk, fartøy, bustad eller køyrety. Om det er på ein flyplass eller ikkje spelar ingen rolle. Ein skal ikkje fly slike manøvrar over folk. Personleg så meinar eg at det er feil å gjere slikt. Ein veit aldri korleis slike manøvrar vert motteke av dei som føler at dei får flyet i skallen. Eg har sjølve flydd flybys med mindre enn 5 meter til rullebana i 140 knop. Men det var over rullebana, ingen folk under eller i nærleiken av flyet, og heilt legalt etter reglane. Noko anna hadde det vore om det var eit fly eller andre ute på rullebana. Då hadde sangen hatt ei anna tekst og låt. Om denne piloten vert avskjediga, så er det trasig for han. Men det burde han ha tenkt på før han utførte manøveren. Det er også noko anna når dei driv med utstyrsdropp på treningsfelt eller i felten. Då er det operasjonar som dei må gjennomføre for å få gjort oppdraget og det heile er i eit anna lys. Og det er neppe folk rett under flyet når dei droppar ein 5 tonns kasse med utstyr ned på bakken i hundreogfanden km\\t. Om folk meinar at dette er ok, så får det vere deira sak. Om ein er uenig, så treng ein ikkje gå til angrep på kvarandre, men heller berre godta at dei har andra synspunkt. For oss som ferdast i lufta dagleg og som er på flyplassen dagleg og går rundt iblant fly, så heng ikkje slike manøvrar på greip. Om eit fly hadde komt imot meg på den måten der hadde eg fillerista piloten så kraftig at han neppe hadde våga å gjere det igjen. Men uansett så håpar eg for vedkommande sin del at han ikkje vert avskjediga, men at han heller får ein reprimande og evt vert nedgradert til styrmann. Han gjorde ein feil. Bevisst? Ja. Bør han miste sertifikatet? Etter mi meining, nei. Han hadde nok full kontroll over maskina under heile seansen.
-
Never buy an old car again...
Tja. Den gamle buldoserbilen på siste filmen såg ut til å tåle eit stup utruleg bra. Trur eg går for ein slik ein eg :grin:
-
Kjæreste v7.0 oppgradering
Mykje bra informasjon der som er grei å ha ved eventuelle oppgraderingar av systemet. Den der Ja Kjære applikasjonen er jo eit must etterkvart (spesielt når du sprett opp av senga kl 2 om natta fordi kompisen ringer og spør om du vil vere med å dykke umiddelbart(jepp...been there done that. var ein relativt interessant dag etterpå kor ein følte at ein gjekk i eit minefelt utan kart :grin: ))
-
simulatoren i avisa idag
Haha.... Dagens! :grin:
-
Anbefalinger på film-redigeringsprogram?
Dersom du har nokre kroner å svi av på redigeringsprogram, så gå for Adobe Premiere. Det er ette mi meining i toppklasse av redigeringsprogram med uendelege moglegheiter. Og det er ikkje så avansert som det kan sjå ut til i starten.
-
Spendene Landingsforhold
hehe. Artig tanke Andreas. Skal foreslå det neste gang eg ser det på metar'en her i området :grin:
-
Spendene Landingsforhold
Denne delen er grei for dei fleste her inne. RMK AO2 = Remark Auto2 (automatisk observert, tallet 2 seier at den kan registrere nedbør. PK WND 23044/1939 = Peak wind 230 grader 44 knop observert kl 1939Z (sterkaste vind) RAE00 = Rain ended 00 minutes past the hour. Altså, det slutta å regne kl 1900Z PRESRR = Pressure Rising Rapidly SLP992 = Sea Level pressure 0992 millibar (hectopascal). P000 = nedbør siste timen (dess høgare tall, dess meir nedbør). T00791033 = Temperatur 7.9C, Dew Point 3.3C
-
Piloten fekk nervesamanbrot!
Leste på VGNett idag om at ein styrmann i Air Canada hadde fått nervesamabrot under flygning. Les meir på VG og Nettavisen
-
A380 Cockpit 360deg
Litt seint ute?
-
[Oslo - Sharjah - Phuket] 11-12.feb08 MyTravel
Det har eg ingen aning på. Men det enklaste er og spørje kapteinen. Det er han som tar den siste avgjersla på det.
-
[Oslo - Sharjah - Phuket] 11-12.feb08 MyTravel
Tja,.... akkurat DET må du nok ta opp med kapteinen under ombordstigning. Er vel neppe nokon her inne som kan love deg cockpitsete.
-
Fryker konkurs for Rygge
Tjaa... det verkar som om heile Rygge prosjektet er lite gjennomtenkt når dei har så mange ting som må endrast og avtalast på nytt for at det skal vere berekraftig.
-
Stridspiloterna
Bra program det der. Men var litt uoversiktlig i menyane der mtp å finne ut kva episode du EIGENTLEG såg på hehe.
-
Virtual Norwegian Air Force!
Med det' date=' skal jeg ikke nekte deg å filme litt i fs for VNoAF da [/quote'] skulle gjerne ha filme litt. Men kvar gang eg fyrer igang Fraps så droppar FPS ned til under 10. Då er det ikkje så lett å filme.
-
Virtual Norwegian Air Force!
Eg fattar ogforstår. Nei det er ikkje mange bra Sea King'ar der ute på frimarknaden diverre. Men kven veit. Kanskje det er ein genial sjel der ute som ein dag får eit innfall og resultatet vert ein bra gratis Sea King
-
Virtual Norwegian Air Force!
Fin film. Men eg sakna innslag ifrå dei ekte heltane i Luftforsvaret....Redningstjenesten. Som rekrutteringsvideo så bør den innehalde innslag ifrå alle delar av luftforsvaret.