Alt skrevet av TOS
-
haugaland
Eg er ifrå Bømlo. Er jo ikkje akkurat på "Haugalandet", men ikkje så langt vekk.
-
Pilot tøffet seg med 143 passasjerer ombord
Trur nok dei fleste av oss hadde reagert om me var i deiras stad. DVS, me hadde ingen kunnskap om flygning, og ikkje forstår kva som skjer. Då trur egn ok dei fleste av oss hadde tenkt på dei heime og forberedt oss på slutten.
-
Dialækt
Ja ditta herane va no ein sveert kjerkåmen trå. Har hatt lysst te å skriva på dialekt lengje. Men kvar gong eg har prøvd, så har eg vortn trua me allslags merkjelege geie. Ikkje veit eg koffor. Syns da e sveert at folk kan skriva dialekt eg. Så kanskje me får lov te da herifrå Dag? hehe. Fekk nestn hug i å starta dialektterror på nette no. Men trurkje at da e så sunnt får helso eller anna kroppslikt. Ha ein hortigt sver kveld.
-
Vil legge restriksjoner på ungdommers kjøring
Ein ting til som ikkje er heilt gjennomtenkt. Køyring på nattestid skal verta forbudt ifølge forslaget. Det er jo definitivt ga mørkret. Men kva med dei som bur langt oppe i nordlege delar av landet? Skal dei parkere bilen store delar av året og byrje å sykle? Tvilar på at DET vil få ned dødstalla i trafikken...
-
Helt rått
Artig flygning det der ja. Men ikkje særleg effektiv vil eg tru? :grin: ser for meg et par Super Puma på veg ut i Nordsjøen kjem dansande slik utover :grin:
-
hvordan får man fjernet skrikende måker
Brødskiver med white spirit burde ta knekken på dei (burde vera folk som er sprø nok til å prøve det). Ellers så er det ganske effektivt å putte eit knallskot i ein fisk og kaste det til måken. Den svel den, flyg eit par meter og sluttar å eksistere reimeleg raskt :grin: . Men den mest humane (fuglane?) måten er vel å få tak i eit slags aparat som skremer dei vekk. :-)
-
Norges politikk hjemme og ute.
Først og fremst, eg meinte overhode ikkje å kommentere di givarevne, for den veit eg ingenting om. Det var ikkje meing slik. Det eg meinte var at eg forstår og respekterar folk som ikkje har råd. Dersom du følte at eg meinte deg, så orsakar eg for det. Det var ikkje intensjonen min. Ja eg veit at sosialsatsane har vore så og seia stasjonere dei siste 20-30 åra. Og det er rett og slett tragisk. Det er nett dette trege, firkanta systemet me slit med idag som må endrast. Det nyttar ikkje å krevja at folk skal leve på dei pengane dei får, ettersom det ikkje dekkar tak over hovudet og mat. Så ein har på ein måte to valg (satt veldig på spissen): Leve utandørs utan tak over hovudet, men vere mett kvar dag. Eller leve med tak over hovudet og leva på brødsmular og lite anna.
-
Norges politikk hjemme og ute.
- Norges politikk hjemme og ute.
Nei la oss heller kutte all u-hjelp, la dei som bur der stryke med, og når dei har forsvunne så kan me ta over landområda og utvinne dei naturresursane som er der. Då får me meir å rutte med, og alle problem i Noreg vert løyste fordi me har meir pengar. Ja, dette var faktisk ironisk meint. Frode, er du verkeleg så naiv at du trur at dersom e brukar litt meir pengr på oss her heime så vert alt betre? Problemet her i Noreg ligg ikkje i økonomien. For den er bra. Det som er eitt av problema, eitt av mange, er at me har eit ganske så firkanta byråkrati som er vanskeleg å få til å rulle (nokon gong fått eit kvatrat til å rulle?). Det einaste som skjer dersom me brukar millonar og milliardar på oss sjølve er at store delar av det forsvinn attende til staten utan at det kjem noko godt ut av det. Eg tykkjer det er fantastisk at Noreg hjelper andre. Det gjer meg stolt som nordmann. Det visar at me bryr oss om andre enn oss sjølve. At me til tider set andre høgare enn oss sjølve. Det er det me kallar å vere eit raust menneske. Og dersom fleire hadde gjort som Noreg så hadde nok ting sett annleis ut enn det gjer idag. La oss gi enno meir i U-hjelp meinar eg. (Vær så snill å ikkje kom med at me må bruke pengar på å fiksa vegane våre og alt det skittpreiket der, for dei pengane kan me ta ifrå vegavgifta. Berre ein brøkdel av den går til vedlikehald av vegane. Men det er ein anna diskusjon.)- Ojle = energi , energi = !0
- Ojle = energi , energi = !0
Ja eg trur me må ta kollektivt sjølvmord heile hurven. Er jo ikkje verdt å leve til i morgon. Er jo berre daud og forderving som ventar oss. Huffameg og huffadeg.- Action med småflyet?
Har mista alternator tre gagnar. Har fått vacuum failure ein gang. Mista NAV1 og ADF under instrumentflygning. Det er vel stort sett det eg har opplevd.- Fly krasj i Kongo!
Tja... kom ikkje fram i det HEILE at det var tapet av maskina du meinte "de" hadde "seg selv å takke" for før du endra innlegget. Så ikkje smell attende om at me må lese det du skriv når du endrar det etter at me har kommentert. Useriøsitet kallast det.- Fly krasj i Kongo!
Enig med dei to siste. Frode, ta deg ei god pause og tenk før du snakkar. Hadde du vore like rappkjefta om det om du hadde nokon kjente ombord i det flyet? Neppe. Tenk før du uttalar deg. Og om du fortsatt meinar det du seier, så unngå å komme med kommentar. For det set deg i eit grusomt dårleg lys. Tragisk at slike ulukker skjer.- Åpning av Den norske opera - Fyrverkeri!
Flotte bilete. Men likte aller best å sjå på Statsraad Lehmkuhl som låg der. Stilig å sjå den i slikt lys. Reknar med å få nokre bilete ifrå brodern som er mannskap på den. Dersom eg får lov av han så legg eg dei kanskje ut.- Hvor mange fra Molde har i her inne?
Er ikkje ifrå Molde, men har jobba 2 år på Molde Folkehøgskule )tidlegare Rauma FHS) på linja Dykking\\Klatring\\Segling. Var ein del turar på Hollingen då ja.- Distrè pilot på Vigra
No skal du vere litt forsiktig med kva du seier. Eg er ikkje ifrå desse traktene, men dersom nokon seier at eg høyres dum ut når eg snakkar dialekta mi, DÅ smell det. Det tar eg som ei personleg fornerming og dei får så hatten passar. Så tenk deg om to gangar før du kjem med slike utsagn. Enkelte kan verta rimeleg fly forbanna for slikt.- Lufthansa med brann i begge motorene...
Edit: pga generelt dårleg kunskap om stabilatorane på 737 :grin:- Distrè pilot på Vigra
Hmmm ja sånn går det når ein spelar Nintendo i cockpit :grin: Høyrdes i allefall ut som ein nintendo heile maskina hehe.- Mjølk styrkjer.
Synest denne reklamefilmen her inne var ganske fin. Klikk på "Reklamefilm" nede i høgre hjørna. Mjølk styrkjer- checklist 737
Og så lett var det å fyre opp :grin: Skal ikkje meir enn 1\\4 ts ironi og ei lita klype sarkasme før halve forumet går ballistisk og den andre halvdelen flirar :grin: Ha ein flott dag :grin:- checklist 737
Vil anta at det er fordi flightsimpilotar veit ting betre enn verkelege pilotar og at dei difor har dei mest korrekte sjekklistene. Det er jo sjølvsagt at det er slikt det er vel? :grin:- Dødt foster på fly!!!
Trur ikkje det er noko som har bitt Thomas eg. Du kjem jo med ein ganske påståeleg kommentar utan noko særleg informasjon til å bygge opp bak den. Det er ganske vanleg at skuleklassar reiser med fly på klasseturar. Spesielt dersom dei skal reise over litt større distansar.- Helikopterstyrt på Svalbard.
- Småfly styrtet i England
Det er trasig når slikt skjer. Eg får ei dårleg kjensle når eg les om slikt. Håpar at det har gått minimalt med liv tapt i denne ulukka. Mine kondolansar går til dei etterlatte av dei omkomne. - Norges politikk hjemme og ute.