Alt skrevet av TOS
-
Lande på Hudson River
Var rar handling på den luftbussen. Ramla rett ned med 0 grader pitch. Joda... var helten eg :grin:
-
Full russisk pilot. Ingen problem iflg flyselskap.
VG.no Eg må seia at eg fekk litt bakoversveis då eg leste dette. Dersom dette stemmer med røynda, så er det LENGE til eg går ombord i dette russiske flyselskapet. Rett og slett horribelt.
-
Lausvingemaskin sakna i Troms.
Les meir i Dagbladet. Får håpe det er snakk om kontrollert naudlanding og ikkje samanstøyt med moder jord. Kryssar fingrane.
-
Hvordan vil fly være om 20-30 år?
Låge skrivekunnskapar i allefall.... :sick: Men uansett.... flya er vel som idag om 20-30 år vil eg tippe. Nokre nye design vil me vel sjå, men neppe noko veldig revolusjonerande.
-
Kjørte med 120kg ponny i baksetet i sin Fiat Uno:
Neida. Ein tek skia på taket og raffen i bilen. Problemet er vel helst det at det er snakk om usikra ureglementær last som er problemet og ikkje vekta i seg sjølve. Du kan tenka deg om denne Unoen hadde krasja i 50 km timen. Den stakkars hesten hadde nok hatt ei vekt på godt over 120kg då den mosa føraren igjennom dashbordet og inn i møtande trafikk.
-
Kjørte med 120kg ponny i baksetet i sin Fiat Uno:
Ja men du veit kordan du får ein giraff inni ei VW Boble?
-
Cessna-fly med en litt uvanlig landing
Tja.... litt uspesifisert. Men ein steiler ikkje flyet heilt ut hehe. Men det er nokså nært utsteila når hjula tek bakken... om ein gjer det rett i allefall
-
Kjørte med 120kg ponny i baksetet i sin Fiat Uno:
Tja. Eg har ein teori om at han fekk den inn igjennom døra. Lynkurs: Du opnar døra og stappar ponnien inn og lukker døra. :grin:
-
Cessna-fly med en litt uvanlig landing
På vanleg tricycle gear fly så gjer ein slik du seier. Då steiler ein ut flyet nokre cm over bakken for å få det skikkeleg nedpå. Det gjer ein og med halehjulsfly dersom ein føretar ei trepunktslanding.
-
Sprenge Værnes? Dåsemiklar...
Kom over DENNE artikkelen i VG no nettopp. Kven i fa*n er dumme nok til å tru at det vil korte ned tida og endre prosedyrane i tryggleikskontrollen til det betre dersom dei trugar med å sprenge heile lufthamna til himmels? "Nei no går det for tregt her. Tru om eg seier at eg skal sprenge flyplassen. Kanskje dei slepp meg raskare igjennom då?" Enkelte burde ikkje vere lov å verta fødd...
-
FMC trening..
Dei fleste payware maskinar med FMC har tutorials turar du kan fly der det vert forklart korleis du skal programmere den. Enkelte har også detaljert informasjon i manualen på korleis slikt skal gjerast.
-
Cessna-fly med en litt uvanlig landing
Var det eg meinte. Men eg brukte ikkje så flotte ord på det Clamer :grin:
-
Cessna-fly med en litt uvanlig landing
- Denne var litt små lei..
Neeeida. Ingen fare Kenneth. Me veit jo at Jean Luc Picard kjem og hentar oss mes USS Enterprise D lenge før det vert krise Å duuuu som eg gler meg til å helse på Lt. Warf. :grin:- Cessna-fly med en litt uvanlig landing
Jepp- Cessna-fly med en litt uvanlig landing
Dette er vel eit klassisk eksempel på groundloop. Han får etter det eg kan sjå, eit uventa kast med sidevind, og rekk ikkje korrigere for det, evt har han ikkje nok ror til å korrigere og prøver å nytta bremsene utan hell.- BA flynødlandet etter røykutvikling for andre gang
Dette her trur eg....nei eg VEIT at det er den dårlegaste artikkelen eg har lese nokon gang. Det heng jo ikkje saman i det heile. Virker som om fyren ikkje har klart å bestemme seg for om kva han skal skrive og har tatt med alt i same setninga. Rett og slett skammeleg at ein nettstad for nyhender i det heile kan publisere slik elendig journalistikk.- Safetycards og noe annet
Hehe artig :grin:- Slutt på rettskriving i den norske skole?
Nynorsk ja. Hugsar godt då eg meldem eg inn her på forumet ihjå Dag. Vart mykje skrek og skrål i byrjinga for at eg skreiv nynorsk. Folk klaga på at dei ikkje kunne tyda det eg skreiv og at dei skreiv attende at eg var naudt til å leggja om til bokmål slik at andre kunne forstå kva eg ville fram til. Litt merkeleg det der eigentleg når ein snakkar om nynorsk og "nordnorsk". Har mange vener nordifrå. Og ikkje EIN av dei har problem med å forstå kva eg seier. Men folk ifrå austlandet derimot, dei skjønar ikkje noko av det korkje eg, nordlendingar eller mange midt imellom seier. Det er då eg innser at nynorsken er ei språkform som diverre er på veg ut. Eg set mi lit til at dei som styrer med språk i Noreg håttar at nynorsk er ei godkjend språkform og tek vekk denne tåpelege regelen om at folk kan velgje den vekk i skulen. Få nynorsken inn i skulen att og ler folket å tyda andre målføre att. Angåande rettskrivning her på forumet, er eg einig med Ivar. Det førekjem alt for mange feil som er enkle å unngå. Som han uttalar, alle kan skriva feil i ny og ne. Men dei gangane eit innlegg består av eit samansurium av store og små bokstavar, komma i hytt og gevær og ingen punktum, ja då undrar eg meg litt på kva som hender. Eg har ofte store problem med å tyde det folk her inne prøvar å formidla til meg av informasjon. Dette bør absolutt takast tak i. Og kven kan gjere det? DU kan gjere det. Ja du også. Ingen er fritekne ifrå korrekturlesning (det ordet har eg ikkje nytta på mange år :grin: ) og alle klarar å få ein setning til å gi meining dersom dei vil. At folk har dysleksi tyder ikkje at dei ikkje klarar å få ned på papiert, eller skjermen, eit par setningar som kan gi meining utan at ein må ty til framandordbokji for å tyda dei og deretter sende det til ein språkforskar for å få veta om det er norsk eller eit anna rart språk. Dersom alle tek tak i seg sjølve, vil dette problemet forsvinne heilt av seg sjølve. SMS språk burde absolutt ikkje spele nokon rolle i dette. På ein talartut har ein nokså avgrensa kapasitet på teikn. Det har ein ikkje her. Så det er ingen grunn til å nytte trebokstavskodar for alt og ingenting. Skriv heile ordet slik det skal skrivast og alt ser mykje ryddigare ut. Eg har ein mistanke om at folk ikkje gidd svare på innlegg her dersom det er rotete og lite strukturert. Eg er i allefall av den typen. Dersom eit innlegg står av LOL og ROLF og kanskje til og med ein ARNE for den del, og blanding av ord delings feil og andre raresamansetteordutanmellomrom, så orkar eg ikkje ta til med tydinga, og innlegget går usvara forbi meg. Og det sjølv om eg innehar kunnskap og kan hjelpa personen med problemet. Det vert rett og slett for slitsamt til at eg orkar å bruke tid og energi på det. Men no har eg plaga folkjet nok med nynorsken min for idag. Eg ynskjer alle ein god dag, og mykje moro. Så skal eg setje meg ned og studere meir om meteorologi.- Fullført førstegangstjenesten? HV neste stopp!
Siviltjeneste er ein fin ting Springe rundti skauen ilag med 2000 andre mannfolk, eller sitte i eit koseleg klasserom med 10 jenter og være dykkeinstruktør... for meg var valget enkelt- Hurhada flyplass, Egypt?
Jada. Både 747 og 777 tar av og landar fint der. Såg to 747 og ein 777 sist eg var der. Litt morosamt å sjå alle dei store flya på rampen og taksebana medan me hoppa utover i ein Dash 7 :grin:- ikke mer "bird strike"
Njaaa på ein måte kanskje. Men det ein risikerar med for turbulent luft inn i motoren er ikkje nødvendigvis berre tap av effekt, men tap av heile motoren (motorstopp). For mykje turbulens i lufta kan føre til at motoren får "compressor stall" og det er jo ikkje så koseleg å få.- ikke mer "bird strike"
Neppe gjennomførbart. Det vil føre til for mykje turbulent luft som går inn i motoren og motorane vil miste mykje effekt.- Piloter og engelskkunnskaper...
Det er mykje rart ute i verden. Og denne her er jo klassisk. Men det er skremmande at folk kan fly rundt med så dårlege engelskkunnskapar. Spesielt med så store maskinar. Men det er no ein gong slik at dei får lov. Så då må me som kan engelsk faktisk prøve så godt me kan å halde oss unna dei :grin:- Filmer med fly-tema
2. Verds krig? Eg trudde det var første eg men :-) Ein film som etter mi meining er legendarisk, er Memphis Belle. Andre verdskrig pågår for fullt og me får følge mannskapet på Memphi Belle (Boeing B17 Flying Fortress) under deira siste tokt på "touren" deira. Sterk film med mange sterke scenar. Anbefalast på det varmaste. - Denne var litt små lei..