Alt skrevet av TOS
-
Mangel på Flygeledere
Ja om eg var åleine i luftrommet hadde eg nok våga det :grin:
-
Første katamaran test (F4S/SL60)
Stilig farkost du manøvrerar her Personleg likar eg ikkje når farten går over 40 knutar til sjøs. : Men har vel kanskje med litt dårlege erfaringar og knekte ribbein å gjere Stå på! Før eller seinare konkurerar du imot Spirit Of Norway veit du
-
Transfer of controls.
Tusen takk alle saman. Reknar med at flight schedule vil løysa seg sjølve etter ei lite stund.
-
Transfer of controls.
Eg har idag gitt kontrollane over til kjerringa. I kveld gjekk eg på kne og fekk eit ganske rungande ja ifrå min utkåra
-
ut i naturen - og ta bilde av radiofyr!
Fordømte flisespikkar.
-
ut i naturen - og ta bilde av radiofyr!
Sugarloaf Mountain (SUG) VOR, like ved Asheville, North Carolina.
-
Transittid på JFK
Burde vere nok med halvannan time der. Men kva skal du i Raleigh?
-
Nesten til helv...
Tvilar på at det som står rundt filmen er tilfelle her. Har meir tru på at dei kødda det til på anna vis under avgang.
-
Når nødsituasjoner oppstår...kjenner du deg igjen?
Hehehe driiitfestlig :grin: Har vore borte i liknande situasjon her.... eg sit og styrtar på vatsim med motortrøbbel. Kjerringa kjem inn "Ka fan? E du heilt koko du eller e du berre rar?" I rein refleks så svare eg: "Eg e din raring. No går da te helve*e her." hehe.
-
Enno ein ny farkost på sjøen.
Hmmm hydrofoilar var jo eit interessant konsept. Kanskje eg skal prøve på det :grin:
-
Enno ein ny farkost på sjøen.
Joda. Men stabiliteten vil ta knekken på farkosten :grin:
-
Enno ein ny farkost på sjøen.
Nei med ror og kjøl vert jo farkosten for stabil. Ikkje gøy det hehe.
-
Enno ein ny farkost på sjøen.
Ja trimmen var litt ute på tur. Men det var første test. Andre test gjekk noko betre, men utan kamera i retning meg. Men trimmen var vanskelig. Om ein satt på kne for å snetrere tyngdepunktet, vart det så høgt at ein gjekk rundt :grin:
-
Enno ein ny farkost på sjøen.
Andreas: I lufta? Er jo spanandes på sjøen også ser du! :grin: Fredrik: Ålesundingar snakkar ikkje mykje betre dei heller. Er berre glad eg ikkje har flytta til indrer totenland eg. Der snakkar dei snodig for ein vestlending der :grin:
-
Enno ein ny farkost på sjøen.
Flytta ifrå Bømlo for tre veker sidan. Bur no på Vestnes, Møre og Romsdal.
-
Enno ein ny farkost på sjøen.
Dette var fantastisk festlig. Kjerringa såg noko skeptisk ut då eg mønstra på i karet og sette kursen imot sørvest. Men det heile gjekk jo bra. Dette vart utprøvd på Bømlo, og kan anbefalast på det sterkaste. Forøvrig bør ein vere forberedt på at ein må halde seg godt fast, då hydrodynamikken til eit badekar er noko under gjennomsnittet, og det hoppar og dansar voldsomt når det kjem i plan på sjøen.
-
Enno ein ny farkost på sjøen.
Denne gang er det meg sjølve som er på ekspedisjon. Ikkje så gjennomført farkost som min bror hadde på denne turen, men det gjekk no på eit vis. Eg legg ifrå kai i det gamle badekaret. Ferda skal gå over vågen og attende. Det går flott i starten. Her har eg kome ca 2 meter ifrå start. Men noko er alvorleg gale. Vatnet straumar ombord... ...og som den gode skipper eg er, går eg ned med skuta. Bergingsteneste ifrom av gamlingen sjølve, kjem til for å heva farkosten. Neste tanke var...hmmm båten, brodern og tau. Det kan verta morosamt. Så eg knytta badekaret fast i båten, og brodern måkte gassen i bånn og me tok av garde utover vågen. Det gjekk noko tregt i starten. Men etterkvart auka farten. Her er me nsten oppe i plan. Her har me fått karet i plan. Farten ligg på rundt 17 knop eller deromkring, og det hoppar og dansar som en rodeookse på speed. Så her var det berre å halda seg fast det ein var kar til i karet. Så me karra oss attende til hamna. Men sjølvsagt var det ein ting eg ikkje hadde tenkt på. Det var at når me kom inn att måtte jo båten sakka på for å unngå harde støyt imot kaien. Så då gjekk eg til botnas att. Håpar folket likte turen.
-
Hjelp jeg tar flylappen!
Lykke til! Eller som det heiter på framandspråkleg i norsk cockpit... "luck to"
-
Skal en først ha ett snasent privatfly,,,,,,,
Den der var jo rett snasen L-18 er ein flott maskin. Gromlyd lagar den rett og slett :grin:
-
Oppdatering om DC10 fra NSC
Spenstig. Ser ut som ein stor jobb å setje igang denne maskina.
-
MSN vil ikke logge på?
Var nok eit serverproblem eller noko slikt. Sjekk ut feilmeldingskoden på microsoft sine sider og du finn ut av det.
-
Høyskolen i Ålesund
Ikkje mykje skule om dei ikkje har elevar :grin:
-
Ny farkost på sjøen!
Jepp. Seinke propellen slik at ein får betre styring Skroga er i vegen
-
Ny farkost på sjøen!
Foreløpig er toppfarta rundt 5 knop. Men med litt modifisering, justering av posisjon på maskina og seinking av propellen, så bør den nok komme opp i 15-16 knop
-
Ny farkost på sjøen!
Min yngre bror og ein kamerat av han mekka seg eit fartyg utanom det vanlege her om dagen. Farkosten stod av to stk kanoar, som vart stroppa saman med ei ramme og lastestroppar. Maskinen som vart påmontert var ein Mariner 10HK, finjustert opp til ca 15HK. Skroga vert monterte, og ramma vert justert. Dette var arbeid som var gjennomtenkt og solid. Mykje som skulle justerast før alt var på plass. Etter at skroga var justerte og balanserte, så var det montering av maskinen som gjenstod. Etter montering var det på tide å starte maskina og få igang sylindrane. Etter oppstart av maskinen var det tid for å ta diverse motortestar og maskina vart køyrd på ulike turtal med ulikt resultat. Ein rask runde ute på vågen, og det var inn for å hente skipshunden Amy, ein Golden Retriever. Etter litt fram og attende ute på vågen, med eit utal maskinhavari og hosting i eksosen, sette mannskapet kursen ut imot den friske nordsjøen. Nytt maskinhavari, og maskinist Harald er raskt på plass i maskinen for å starte den opp att. Etterkvart mønstra båtsmann Håvard av, og kaptein Johan og Maskinist Harald sette kursen imot det opne hav. Her er dei på veg innover etter manøvreringstestar. Testane var mislykka, og dei brukte lengre distanse på å snu enn ein oljetankar utan ror. Og då maskinen stoppa få meter ifrå skaget, så var det på tide å vinka etter assistanse. Men med ein snarrådig kaptein som fekk orden på maskineriet, gjekk det nok ein gang utover havete. Amy, den flotte skipshunden ombord i eskorte og bergingsskipet. Farkosten til min bror og hans kamerat på veg inn i Sønstabøvågen etter endt prøvetur. Her er ein film av farkosten. Høgreklikk og lagre fila for raskast sjåing.