Alt skrevet av TOS
-
Krev ny etterforskning av flyulykka på Stord.
Les meir i Haugesunds Avis
-
Startar du med flap ?
Hmmm interessant artikkel. Sjølve nyttar eg ingen flaps ved "normal" takeoff. Men nyttar flaps 10 ved short field eller soft field. Under landing kjem det an på vinden. Dersom eg har forholdsvis sterk sidevind og\\eller kastevindar nyttar eg flaps 20 for bedre manøvrerigsevne. Ved vanleg landing set eg flaps til 30. Det er her snakk om Cessna 172 R\\P
-
Tordna litt her inatt.
Tja eg har ikkje vore andre stadar enn New York, Washington og her. Og av dei tre tordnar det desidert mest akkurat her hehe....
-
Tordna litt her inatt.
Ser ut til at det meste kjem over Charleston i kveld. Litt guff oppe i Florence no som kjem nedover men ikkje så mykje igrunn. Eit par blink og ein del regn. Såg heftig ut over Berkley County tidlegare i kveld.
-
Tordna litt her inatt.
Er nok ikkje korkje pikselfeil eller støv på brikka. Men ISO400 som gir ein del støy, og så regna det noko inst i hel*sike. Joa var svart som inni ei tønne. Men lyna haldt seg i opptil 10-15 sekund. Lenge nok til å ta eit bilete hehe.
-
Hva [*********] er det som skjer?
Press? Er det noen bra måte å få igjennom meninger og synspunkter? Beklager min kommentar' date=' men jeg reagerer litt på Sønstabø`s uttalelse / tilståelse her. Det er jo litt tydelig at sterke krefter går inn for å yte press på DAG og dermed få ting som hånd i hanske her... Trodde sannelig ikke det om deg ( Og flere andre, Torstein) Vil bare si, at jeg har aldri blitt spurt om hvordan jeg mener at screenshots-forumet bør se ut, og sikkert flere med meg... HVEM er det som blir spurt? Den harde kjerne, også må alle andre bare godta resultatet? Nei... Nå er det på tide å ta makta tilbake, medlemmer. La den harde kjerne seile sin egen sjø. Dette bør være ett nettsted for de mange, ikke for de få... [/quote'] Misforstå meg rett. Ordvalget mitt der var vel kanskje ikkje heilt rett i forhold til det eg prøvde å seia. Me fekk opna moglegheiten til å poste på gamlemåten i arkivet etter ØNSKE ifrå mange av brukarane. Slett ikkje kun dei harde kjerne. Men det var mange som ytra ønske om det. Så å seia at det var "den harde kjerne som fekk det som dei ville" blir litt å skyte Cessna med SAM. Det var heller ingen som vart spurt om det. Men etter mykje fram og attende med mykje klaging ifrå mange hald angåande det nye screenshotforumet, opna Dag arkivet for oss. Han spurte ingen. Han berre gjorde det. Og etter mi meining var det ganske så smart. Det roa gemyttane, og dei som ville ha det nye galleriet, fekk det, og me som ville poste på gamlemåten fekk det. Alle vart happy og ingen vart sure og gretne. Det er måten å gjere det på etter mi meining.
-
Tordna litt her inatt.
Jepp...me hadde ein ganske heftig tordenstorm her inatt. På det meste var det vel eit par hundre lyn i minuttet. Det blinka konstant. Og til tider var det lyst lenge nok til at me kunne lese nummera på bilskilta som stod ca 50 meter ifrå oss. Legg ut eit par bilete eg tok. Legg merke til at det var heilt mørkt, klokka var rundt midnatt og eg tok bileta utan blitz. ISO 400 Brennvidde 6mm F\\2.8 Eksponeringstid 1 sek. Bilete 1. Bilete 2. Eit bilete av værradaren for området like etter at stormen passerte.
-
Hva [*********] er det som skjer?
Du kan leggje til bilete i "Arkivet" på gamle måten. Det var noko Dag opna for etter press ifrå medlemmane her. Meg inkludert. Men personleg så har det missta litt av piffen å poste bilete her. Etter den nye funksjonen med gallleri kom så har trafikken i screenshots og bilet foruma gått ned ein god del.
-
FlyNordic beskutt i Irak?
Kom over denne artikkelen på Dagbladet sine nettsider. Artikkel Dersom dette stemmer så er det skummelt. Ikkje sikkert det går like godt som då postflyet som flaug post for den amerikanske hæren vart skutt på neste gang.
-
Kaffekroken med rundt tal!
Tja...synest nå at 116 000 er eit rundt tal også eg då
-
"Hetebølge" i Norge
Kan backe Arild opp her. Hadde 55 grader i Cockpit idag under approac til Myrtle Beach. Metaren sa 38 grader. Heilt ute på kysten. Like innafor i Florence var tempen oppe i 42 grader på det tidspunktet. Så varmt er det i allefall. Å køyre bil utan aircondition er som å jogge om sommaren i Noreg med ein stor hårfønar retta imot ansiktet...ikkje å anbefale hehe.
-
Kaffekroken med rundt tal!
Syns at dette krev eit nytt innlegg. Kaffekroken runda 116 000 innlegg ikveld. Bilete av kaffekroken sitt jubileum.
-
Gammal norsk, eller dårlig norsk?
Tja... "Sauen brekte...." Så slik eg vil tolke teksta så var mannen i ei arbeidsulukke medan han brekte "beeeeeeinet". Om ein skal tolke dne gramatisk i allefall. For du har rett. Brakk er eit betre ord. Men eg ville nok valgt ordet "knakk" eller "knekte" i denne samanhengen.
-
Syk biljakt! Youtube...
Hmmm dette må vere den sjukaste biljakta eg har sett på lenge. Bra fyren fekk litt tid til å tenke på det han har gjort då... 11 ganger livstid...må jo lukte rart i cella hans etter ca 4 livstida bak giteret...
-
En tung tid
Kondolerar Steinar. På det sterkaste.
-
Går altfor fort
At DHC-2 Beaver reagerar på throttle er jo ikkje rart. Den var jo bygd for akkurat det. Det er eit STOL fly og har kraftig motor i forhold til massen. Aksellerasjon kjem jo ut av forholdet thrust\\weight så om massen er liten så er aksen stor... :-)
-
Nordmenn kan ikkje førstehjelp
Joda det er overkrifta på Nettavisen idag. Ingressen er som følger: Kun fem av seks nordmenn har tilstrekkelig kunnskap om livredning. Greit nok. Eg vil ikkje diskutere kor vidt dette er ein pussig måte å statuere at Nordmenn ikkje kan førstehjelp fordi 16% av oss ikkje kan det. Det eg heller lurar på, er kva denne artikkelen byggjer fakta på. DVS. Kva metode for å finne ut om dei kan livredning er nytta. Har dei nytta HLR som basis f.eks, så er det ikkje rart at folk ikkje kan det. I løpet av 3 år, har eg fått beskjed om at det har blitt endra HLR standard 4 gangar. Dvs antal kompresjonar og innblåsningar er endra. Når dei ikkje klarar å bestemme seg for kva som er "rett" førstehjelp, så er det ikkje rart nordmenn ikkje kan det. Eg har null peiling på kor mange kompresjonar og innblåsningar det skal vere. Eg har gitt opp å halda meg oppdatert på det og på kurs eg køyrer kor førstehjelp er ein del av kurset, nyttar eg det i boka. Eg veit mange som gjer akkurat det samme. Er det andre enn meg som synest det vert litt rart å klage på at nordmenn ikkje kan førstehjelp når det er så forvirrande fasit at du blir gal berre av tanken på å pløye igjennom det? Artikkelen til Nettavisen
-
Båt båt båt båt..
Godt å sjå at det ikkje berre var eg som stussa på kva dei skulle med HSI, OBS, altimeter, VSI og kunstig horisont i båten. Torque og speed er jo greit å ha, men resten var noko overflødig tenkte eg og scrolla vidare ned til kremvisparane
-
Torstein Sønstabø har bursdag
Hehe ja me gjer vel det Svein. Blir vel flightsim.no aldersheim det då? hehe... Takkar for alle gratulasjonane.
-
Den positive tråden
Har kjøpt 4 stykker med brunost idag. Var utruleg godt med brunost og syltetøy på brødet.
-
Torstein Sønstabø har bursdag
Hmmm denne såg eg ikkje før no... hehe Takkar for gratulasjonane. Vart eit kvar århundre minus 3 år idag. (Huff det høyrtes gammalt ut :crazy: )
-
Gratulerer med solo, Olaf!
Grattis Olaf. Første solo er jo knallmoro. PS: Kvinnfolk bør ikkje ha tynne lyse bukser på seg under første solo... :grin:
-
En tung tid
Kondolerar på det sterkaste Steinar. Eg kan ikkje i min villaste fantasi førestilla meg kva du går igjennom desse dagane. Mine tankar går til deg og din familie.
-
2 helikoptere krasjet under biljakt
Dessverre...sunn fornuft er eit ukjent begrep i dette landet.
-
En bombe som gikk feil vei *video*
Såg ganske heftig ut den der ja. Hadde ikkje trudd at det der skulle gå bra når eg såg den nei.