TOS Skrevet 29. juli 2010 Del Skrevet 29. juli 2010 Heisann og god sommar godtfolk. Etter mykje venting, har eg endeleg fått internett att. Men steike kor mykje eg har fått gjort medan eg var avkopla ifrå omverda. Barnedåp er igjennomført, eg har hente ned ved for dei neste to åra, flytta inn i gamalt nytt hus, (Nytt for oss). Eg har fått teke service på bilen, ordna til i hagen og mykje anna. Men innimellom har eg også fått flydd litt. Eg har teke til med eit ganske så langvarig prosjekt. Turen gjeng ifrå SABA i Karibien til PAGY (Skagway) i Alaska. Fykjemaskina som skal ta meg dit, er ein Piper PA-34-T200 Seneca II. Første turen var ein rask flight til St Barthelemy for å få ordna dei siste papira og plukke opp litt utstyr. Før oppstart på SABA. Lasting i full gang og preflight står for tur. Ein liten tur ute i bilen for å hente kart og kompass og me er klare for laaaangtur. Me snurrar igan Continentalmaskina som heng på venstre venge først. Motorane er nyoverhalte og startar utan å mukke. RPM two thousand, stable, engine gauges in the green. Ready to go. Rotate! Me fekk eit lite vindskjære like etter liftoff. Men me kom oss i klatringa og hjula vert lempa inn. Me klatrar opp imot 2500 fot som er høgda vår for turen. Er berre nokre få mil til destinasjonen så me gidd ikkje klatre så høgt. Mykje kjekkare å sjå på alle siglebåtane nede på "aquaoverflata". 30" og 2300RPM. Alt er grønt og fint. Auxilliary Fuel pumps vert skrudd av og motorane går fortsatt. Dette likar me! :grin: St Barth er i sikte, og me gjer maskina klar for ankomst. Hjula vert lempa ut og me set flaps til 10 grader. Farta vert seinka ned til 90 knop. Me kryssar "vollen" med god klaring, lfaps 40 grader og farta er nede i 78 knop. Like før touchdown. Eg sette nedpå litt langt inne, men ikkje verre enn at eg har god margin til å stoppe maskina før strandstolane tek til å gjere skade på propellane mine. Eg taksar inn til terminalbygget og stengjer ned før eg set kursen imot rett myndigheiter for å få unnagjort litt papirmølle. Turen vidare gjekk til Aquadilla, Puerto Rico. Eg vonar dykk kosa dykk på turen, og eg vonar dykk har hug i å fylgje med vidare. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
aleksander rødland Skrevet 29. juli 2010 Del Skrevet 29. juli 2010 Flotte og godt dokumenterte bilder! Gleder meg til å se fortsettelsen! Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 29. juli 2010 Forfatter Del Skrevet 29. juli 2010 Du treng ikkje vente lenge Turen vidare gjekk som tidlegare nemnt til Aquadilla, Puerto Rico. Det var grytidleg neste morgon, og eg gjekk nesten i søvne ut til flyplassen. Flyet vart heldigvis klargjort kvelden i førevegen, så det var berre å ta preflight, levere flygeplan og kose seg på turen. Cockpit prep er unnagjort, og eg er klar til å starte venstremotoren. Etter nokre få minutt er begge motorane igang. Eg legg meg i ein slak venstresving like etter avgang og flyg litt ut i havet for å unngå den vesle turbulensen som er. Me klatrar jamnt og fint oppover. Hastigheita er noko låg, så eg seinkar nasen for å få lagt nåla på 101 knop. Me passerar Princess Juliana, TNCM på vegen imot neste holme. Etterkvart kikkar sola over horisonten og eg kan skru av varmeaparatet i nasen. Me cruisar fint av garde, bada i varmt sollys. Me er på veg ned ifrå 15500 fot, eller FL155 som det heiter her i Noreg. Skal verta godt å få av seg oxygenmaska. Etterkvart kjem me inn over land, og ser teikn til sivilisasjon. Eg legg meg ned på 2000 fot langs kysten og nyt dagen. Field in sight, og hjula vert seinka. Og sjølvsagt overskyt eg litt på finalesvingen. Men ikkje verre enn at eg klarar å stabilisere innflygninga. Ein UPS DC-8 er på veg ut imot bana for å ta av med retning imot fastlands USA. Kameraet gjekk diverre tom for straum like etter landing, så det vart ingen bilete av maskinane på bakken denne gangen. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 30. juli 2010 Forfatter Del Skrevet 30. juli 2010 Neste dag set me kursen imot Nassau, MYNN. Eg taksar ut ifrå stand litt over kl 0900 om morgonen. TUren skal gå til Nassau, som er siste øystopp før Florida og fastlandsUSA. Eit par cargomaskinar står og ventar på at det skal verta natt igjen. Rotate! Nasen vert brutalt røska av bana. Og eg tar ein "early turnout for a high downwind departure". Straks på downwind. Det er varmt, så cowl flaps får vere opne litt lenger enn vanleg. Det skyar til, så eg er glad for at turen går på IFR flightplan idag. Eg hadde eigentleg tenkt å ta turen VFR, men det gjekk ikkje heilt. Land i sikte! Nassau er like forran nasa mi, og eg gher klar for ankomst. Eg legg meg på venstre medvindslegg og seinkar farta til 95 knutar på loggen. "Nassau Tower, Seneca tu kilo alfa reporting left base ørn æs rekvested". Landingslysa vert tent, og klarering er motteke. Eg set maskina silkemjukt nedpå senterlinja. Det stod ein stygg CE maskin her. Lurar på om den er laga i LEGO. :grin: Neste legg gjekk imot Daytona Beach, men eg klarte å pakke kameraet i baggasjerommet, så det vert ingen bilete ifrå den turen. Neste tur det vert bilete ifrå, er turen ifrå Daytona Beach til Savannah. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Paul-André Tilrem Skrevet 30. juli 2010 Del Skrevet 30. juli 2010 Nydelige bilder og artig reportasje. Følger med videre Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Jan Arild Gjemble Skrevet 30. juli 2010 Del Skrevet 30. juli 2010 En herlig og flott reportasje Torstein. Denne turen skal jeg virkelig følge med på. Det blir noen mil du skal legge bak deg Herlig. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Premium Medlem Ernst K.Furuhatt Skrevet 30. juli 2010 Premium Medlem Del Skrevet 30. juli 2010 Du er ikke snau når du setter i gang :grin: . Gratulerer med både baby og hus, og kanskje noe vinterved med. Da er det enda mer imponerende at du rekker å ta en flere dagers tur med Seneca`n. Flott reportasje, helt i Jan Arilds ånd ( regner med du møter han på en eller flere flyplasser etter som du nærmer deg Alaska :grin: ). Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Tom Knudsen Skrevet 30. juli 2010 Del Skrevet 30. juli 2010 Nice story, ser frem til fortsettelsen. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
aleksander rødland Skrevet 30. juli 2010 Del Skrevet 30. juli 2010 Veldig flott bildeserie! Flyr du på vatsim? eller har du bare en AI pakke med noen utrolig stygge fly? hehe Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Paul-André Tilrem Skrevet 30. juli 2010 Del Skrevet 30. juli 2010 Ser ut som MyTraffic. Ikke de peneste maskinene i den pakka :grin: Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Fred Solli Skrevet 30. juli 2010 Del Skrevet 30. juli 2010 En annen ting også som gjør at det ikke ser så fint ut er mangelen på antialising. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
aleksander rødland Skrevet 30. juli 2010 Del Skrevet 30. juli 2010 Nei bildene syns jeg var pene og vil heller foretrekke den grafikken hvis det er konstant over 24fps, en bedre grafikk og 15fps. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 30. juli 2010 Forfatter Del Skrevet 30. juli 2010 Ernst: Det er nok mogleg at eg snublar over han ja :grin: Fred: AA står på. Men eg får det ikkje heilt til å virke. Eg får forske litt vidare på det. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Paul-André Tilrem Skrevet 30. juli 2010 Del Skrevet 30. juli 2010 Det med AA kan og ha noe med oppløsningen å gjøre. Når jeg gikk fra 1680x1050 med helt glatte linjer til 1920x1080 opplever jeg nå at AA ikke vil være med helt lenger. Har prøvd det meste, men det vil seg bare ikke. Men jeg klager ikke. Som Torstein sa, er det likere med bra flyt enn mest mulig eyecandy for oss som ikke sitter med i7 OC til det umulige og 30cm lange grafikkort. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 31. juli 2010 Forfatter Del Skrevet 31. juli 2010 Her kjem litt bilete ifrå fortsettelsen. Som tidlegare nemnt hadde eg ikkje kameraet med meg i cockpit ifrå Nassau til Daytona. Men ifrå Daytona til Savannah gjekk det betre. Motorane går for full pupp idet eg dreg nedetter rullebana like før ein C17 kjem inn for landing. Eg set nasen nordover og klatrar det maskina er god for. Målet er FL190. Vêret lettar litt undervegs, og eg har god medvind nordover. Vinden aukar etterkvart som eg klatrar. På det meste var den oppe i 89 knop rett i halen. Skal seia maskina flytta seg fort då ja :grin: Det er ikkje så ofte ein er over slike skyer i slike små fartyg som idag. Lite turbulens og gode forhold gjorde turen til rein nyting. Me er level på FL190 og har fått "cleared direct destination" så me har plotta inn Savannah i GPS'n. Under descent gir me på litt ekstra ettersom det er så stille luft. Brått høyrer eg rare lyfar. Det er prop-seal på venstre motor som takkar for seg. Motoren spyttar olje og oljetrykket synk. Så eg vert nødt til å stengje ned motoren og sender mayday til Savannah approach som leiar meg directe inn imot næraste rullebane. Flyplassen i sikte. Eg tek sjansen på å seinka farta noko og gjer maskina klar for landing. Eg skal landa imot aust, så eg legg meg inn på ein 45 graders entring til downwind. Base to final turn. Alt ser bra ut Det var nokre tilskodarar på taksebanane då eg kom inn. Ikkje fritt for prestasjonsangst :grin: UPS med ein gamal klassikar står og ventar i kø. Ser ut til at eg stoppa heile trafikkflyten denne dagen. Kan tenka meg at flygeleiarane i tårnet var noko irritert. Vel framme på rampen stengjer eg ned høgre motoren og tek meg god tid til å rydde litt i flyet før eg går inn og ringjer mekanikarane. Eg står parkert ved sida av ein liten PA31. Noko større og bittelitt raskare enn mi skute. Mekanikarane har akkurat fiksa motoren og eg skal til å ta ein liten motortest. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 31. juli 2010 Forfatter Del Skrevet 31. juli 2010 Neste etappe var ein rask tur til Atlanta Hartsfield KATL. Turen gjekk VFR med diverse flyplassar og byar som referansepunkt undervegs. Liftoff og hjula på veg opp. Klatrar på Vy 101 og nyt utsikta. Me ligg og susar på 6500 fot med kurs vestover imot ATL. Etterkvart går eg ned til 4500 fot for å finne litt betre vindar. Skyene er mørke og regntunge, men har enno til gode å sleppe dropar i hovudet på meg. Men det er rapportert om regnbyger i området. Og kjent som eg er i området veit eg at slike byger kan redusere sikta til ingenting på kort tid. Me passerar Griffin Spalding County Airport like sør for Griffin. 2500 for for å halde meg unna dei tyngre maskinane som skal inn til ATL. Eg vert ruta inn på ein dogleg base til bane 26R på ATL. Ein delta MD80 passerar like over meg og ristar meg noko voldsomt på veg inn. Base to final turn og eg får beskjed om "expect late landing clearence". Kort infale og eg vert klarert for landing. Endeleg framme og parkert utaføre ATlantic Aviation. Eg får låne ein bil og køyrer inn til sentrum for å ete ein betre middag, ta ein tur i Centenniel Olympic Park, akvariet og Coca Cola musèet. Turen vidare er ikkje heilt planlagt. Men ein stopp innom Gwinnet County Briscoe Field KLZU er på tapetet. Den ligg snaue 30 NM nordaust for KATL. Eg vonar dykk har kosa dykk på turen og at dykk ikkje går leir serien før eg er framme. Det vil nok ta nokre dagar før eg får lagt ut fleire bilete. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
aleksander rødland Skrevet 31. juli 2010 Del Skrevet 31. juli 2010 Jeg liker virkelig denne serien og gleder meg til neste oppdatering! Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Paul-André Tilrem Skrevet 31. juli 2010 Del Skrevet 31. juli 2010 Dette liker jeg godt, så bare fortsett slik du. Bra bilder og bra fortelling gjør dette interresant. Keep up the good work. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Premium Medlem Ernst K.Furuhatt Skrevet 31. juli 2010 Premium Medlem Del Skrevet 31. juli 2010 Reine flyskola dette, sightseeing og skoling i skjønn forening :grin: . Godt jobba Torstein! Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 1. august 2010 Forfatter Del Skrevet 1. august 2010 Ja så var eg på tur igjen. Rett nok vert nok dette ein av dei kortar etappane på turen. Ruta gjekk ifrå Atlanta Hartsfield til Gwinnett County Briscoe Field via Stone Mountain, Lenora, Spring Valley og Winder Barrow County Airport kor eg tok ein touch & go før eg sette nasen imot Gwinnett. Eg sjekka metar før avgang. Atlanta hadde 010752Z 00000 10SM FEW010 SCT 250 25/23 A2987 RMK AO3 SLP102 T02500228, medan LZU melde om 010820Z AUTO 0000 24/23 A2991 RMK AO1. Det er tidleg morgon på Atlanta og eg gjer meg klar for dagens økt. Nokre minuttar før halv 8 får eg "Seneca 232KA you are cleared for takeoff runway eight left, caution MD80 departing 9L". Eg kvitterar for klareringa som seg hør og bør og gir gassn edetter stripa. Med 9000 fot rullebane tek eg av ifrå intersection A4, ca 1\\3 nedover stripa. Eg legg meg på 2000 for, ca 1000 fot over bakken og set kursen imot Stone Mountain. Atlanta Downtown nokre mil unna. Grunna eit eller anna arrangement var det forbode å fly under 5000 fot over sentrum så eg droppa den runden idag. Stone Mountain Lake i sikte. Microsoft har ikkje fått med seg at det ligg eit stort fjell akkurat her. Men det kjem kanskje seinare ein gang :grin: Til venstre har eg Decalb Peachtree, PDK. Eg kan anbefale burgerane i restauranten der. Rødspetta deira er også god. Ein liten snartur nedom Lenora er obligatorisk. Ein av mine tidlegare elevar har ein Cessna 182T ståande her, og han stod og hoppa og vinka som ein gal idet eg dundra over plassen i 180 knop. Eg brekk av imot høgre og set kursen imot Spring Valley, ei lita privatstripe litt lengre aust. Her er eg over Spring Walley. Stripa ligg litt til høgre og framme. Litt lenger aust ligg "Between" og Monroe. Me har passert Bethlehem (nei eg såg ikkje stjerna), og har Winder Barro WDR like foran oss. Eg legg meg på left downwind til bane 23 for ein hit & run. "Winder traffic, Seneca 3KA final 23 touch'ngo, will be right turnout to the west". Like etter liftoff kjem eit kjent callsign inn på frekvensen. Det var "Skyhawk one five seven six charlie", med min gode venn Jack Williamson bak spakane. Eg måtte ta meg saman for å ikkje gjere tabben og seia "Hi Jack" på radioen, men slengte ut "Seventyfive hundred". Kor det kom raskt tilbake "Oh my god, there's a Viking in the area" Eg småpratar litt med Jack medan eg svingar vestover og føl Highway 316 imot Gwinnett. Eg kallar opp ATIS og får siste meldinga, SIerra, 1147Z 280/03 14 CLR 24/23 2991 og bane 25 i bruk. Kort finale på Gwinnett. Don Hendricks i tårnet kjenner igjen stemma mi og hugsar då eg krasja ein PA44 på bana i November 2009. Så han spør eplekjekt om han skal ringe brannvesenet på førehand. :grin: Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 1. august 2010 Forfatter Del Skrevet 1. august 2010 Eg taksar ned Whiskey imot GA park på sørsida. Etter ein times tid i lufta parkerar eg på sørsida og ruslar meg bort på "The FLying Machine for å ta meg ein matbit. Men den opnar sjølvsagt ikkje før kl 11. Så det vart litt venting i pilot loungen på "Jet Center" før eg fekk meg mat. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Jan Arild Gjemble Skrevet 1. august 2010 Del Skrevet 1. august 2010 Herlig tur du har Torstein, gleder meg på nye innlegg fra reisa di Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 1. august 2010 Forfatter Del Skrevet 1. august 2010 He kjem enno ei oppdatering ifrå turen. Eg har no flytta meg ifrå Lawrenceville til Nasheville, Tennessee. Første turen eg gjer om natta på denne lange ekspedisjonen min. Klokka nermar seg 22 om kvelden og eg har starta opp motorane. Vêret kunne vore betre. SKybasen ligg på 4500 fot, så eg vel å leggje meg på 2500 fot nordvestover. Turen vil ta meg over Dalton, Chattanooga og Murfreesboro. Ein steike stygg Cessna 172 taksar ut bak meg. Eg klatrar det maskina klarar i starten. Hjula er oppe og eg seinkar nasen og legg meg på Vy før eg svingar nordvestover. Etter nokre få minutt er eg stabil på 2500 fot. Lake Lanier (Lake Latrine) i bakgrunnen. Har sirkla eit par hundre gangar over denne innsjøen på søndagsturar med "discovery flights". Sikta droppa ned i 6SM tidvis. Men eg peisa på det eg kunne. Første flyplass me flyg over er Pickens County, JZP. Ei lita ukontrollert stripe ca 45 sjømil nord for Atlanta. Skyene ligg tett nedpå, og terrenget stig. Men eg studerar kartet godt og ser at eg skal gå klar med ca 1000 fot. Litt under lovleg, men kven bryr seg så lenge eg ikkje treff fjellet? :grin: Så passerar eg Dalton, DNN. Lurar på om det er her Jack Dalton har vakse opp? Chattanooga rett forut. Klarering til overflygning av flyplassen er motteken. Endeleg etter ein times tid i lufta har eg Nasheville i sikte. Eg er klarert rett inn på bane 31. Kort finale. Det står nokre andre fly og skal vidare. Blant anna eit som skulle til Washington Dulles, IAD. Eg svingar av bana så raskt eg kan, og stoppar på T4 for å motta takseinstruksjonar. Eg vert instruert til å takse inn til GA park via T4, S5, S og S4. Framme ved hangaren stoppar eg ved sida av to Labquest Beech 58 Baron. Dei er på veg ut om få straksar for å fly laboratorieprøvar og donororgan rundtomkring. Eg takkar for i kveld og vonar at det ikkje vart for keisamt med nattbilete. Kor neste stopp vert er ikkje bestemt, men eg undrar på om eg skal innom Memphis ein liten tur før eg set nasen lengre nord. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Jan Arild Gjemble Skrevet 1. august 2010 Del Skrevet 1. august 2010 Kjedelig nei... disse bildene er jo flotte med masse detaljer selv om det er natt Keep em' comming Ser du jobber hardt for å komme fram Morro er det, man får jo aldri gitt seg Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 1. august 2010 Forfatter Del Skrevet 1. august 2010 Ja det må jobbast litt når ein har anledning til det. Gjekk over karta no i kveld, og røft rekna har eg ca 3000 NM igjen før eg er framme. Eg vonar at eg får god medvind på eit par av etappane Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar Skaugstad Skrevet 2. august 2010 Del Skrevet 2. august 2010 Flotte bilder, en spennende, og ikke minst tidkrevende tur du har begitt deg ut på! Har selv fløyet Daytona Beach - Savannah med PA34 i virkeligheten, og kan uten tvil kjenne meg godt igjen. Det eneste jeg mener å mangle fra den turen var alle thunderstormene som ruller over her daglig. Gleder meg til å se resten av turen, si i fra når du nærmer deg Washington state, mulig jeg får anledning til å bli med på sjarmøretappen! :grin: Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Bent Stoa Skrevet 2. august 2010 Del Skrevet 2. august 2010 Dette er artig å følge med på. Jeg skal følge med videre også. Og denne høsten skal FSX inn på maskinen min sammen med noen bush-scenery's og propellmaskiner. Serien din er inspirerende! Bent Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar Skaugstad Skrevet 2. august 2010 Del Skrevet 2. august 2010 Tar jeg ikke helt feil så er vel både jeg og Torstein fortsatt på FS9, med de tilhørende bush sceneryene som finnes. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 2. august 2010 Forfatter Del Skrevet 2. august 2010 Stemmer det Ivar. Trur ikkje det er mange bush scenery me ikkje har Må vere Georender serien til LAGO Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar Skaugstad Skrevet 2. august 2010 Del Skrevet 2. august 2010 I've got it. :grin: Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anbefalte innlegg
Bli med i diskusjonen!
Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.