TOS Skrevet 10. april 2010 Del Skrevet 10. april 2010 Det er tidleg morgon på ein tysk flybase i Japan, 23. August 1944. Heinrich von Schnellchiessen gjer klart flyet sitt, ein Heinkel 111 for dagens oppdrag. Ubåtpatrulje i havet aust for kysten av Japan. Heinrich er ferdig med biefing, og saman med mannskapet går han ut og gjer seg klar. Under flyet heng det to heftige torpedoar, klare til å bore seg inn i skroget på fiendtlege skip. Dei startar opp motorane og rullar imot bana. Begge maskinane går for fullt idet han slepp bremsene og det tunge flyet rullar nedetter midtlinja. Vel i lufta set han kursen rett aust. Etter 3 timar får han auge på noko han meinar er ein amerikansk ubåt av Gar klassen. Han legg flyet i eit grunt stup og svingar imot målet. Begge torpedoane vert slept. Skuffa må han sjå at stoppeklokka passerar tida for kor torpedoane går tom for drivstoff. Han set kursen heimover att. Snause 15 mil heimanifrå kuttar styrbord motor og står i brann. Han stengjer ned motoren og gjer seg klar for landing. På venstre medvindslegg slepp han ned hjula. Venstre base, noko låg. Han set maskina trygt ned på bakken og bremsar opp. Etter oppdraget er det tid for debrief, medan mekanikarane går laus på flyet. Orsaka til dette oppdraget var at ein amerikansk ubåt vart sendt på oppdrag for å seinke eit knippe japanske skip som låg nokre hundre mil ifrå kysten av Japan. Eit hangarskip hadde fått motortrøbbel og låg og dreiv. Eit slagskip vart sendt ut for å passe på hangarskipet, og ein lastebåt vart sendt ut med reservedelar. I tårnet på ubåten har kapteinen gitt ordre om full fart på motorane. Det gjeld å komme fram fort. Ubåten fossar fram i 21 knop. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 10. april 2010 Forfatter Del Skrevet 10. april 2010 Snaue 100 sjømil ifrå målet beordrar kapteinen båten ned på 180 fots djupne. 5 timar seinare er dei oppe i periskopdjupne, og ordren om at torpedorøyr 1-4 skal fyrast av vert gitt. Mark 24 torpedoane rasar imot målet i over 40 knop. På brua på slagskipet anar dei fred og ingen fare. Brått går det ei sjelving igjennom skrog og spant idet den første torpedoen slår inn i stål. I rask rekkefølge slår dei tre andre torpedoane inn i skipssida. Slagskipet får raskt slagside og er ute av stand til å forsvara seg. Men det tek ytterlegare 2 torpedoar før skipet gir seg. Etter 6 fulltreffarar legg ho seg over på sida og døyr. Ho legg seg over på rygg og går ned med baugen føre. På hangarskipet rådar fullt kaos. Desperat gjer dei klar flya for å få dei i lufta. Men innsatsen er fånyttes. Idet det første flyet får igang motoren sin, slår den første av ein serie på 5 torpedoar inn i sida. Drivstoff og ammolageret går i lufta og skipet er dødsdømt. Det store skipet går ned på 4 minutt. Flya ombord var ikkje festa ettersom dei vart klargjort for avgang. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 10. april 2010 Forfatter Del Skrevet 10. april 2010 Til sist var det berre lasteskipet att. Ein torpedo er nok for å få heile skipet til å gå i lufta. Skipet søkk men mannskapet rekk å komma seg i livbåtane. Etter å ha gitt dei skipbrudne litt mat og drikke for turen heim, (i motsetning til japanarane som gjerne serverte varmt kanonbly til livbåtane) så var det på tide å reise heim til Pearl Harbour att. 5 dagars seilas seinare seig me inn imot dokken for å laste ombord ammo og proviant. Neste tur var planlagt til Indonesia kor me skulle setje iland ein spion. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Truls Petter Elven Skrevet 10. april 2010 Del Skrevet 10. april 2010 Rett og slett herlige bilder og historie Torstein! Ser at du spiller Silent hunter III eller IIII, da må vi nesten ta en liten kamp på MP en dag, send meg en PM når du vil... Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 10. april 2010 Forfatter Del Skrevet 10. april 2010 Ja det hadde vore morosamt Truls Petter. Skal gi beskjed om eg har tid ein dag Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars-Petter Meyer Bedin Skrevet 10. april 2010 Del Skrevet 10. april 2010 HAHA. :grin: Herlig Torstein! En tysk Heinkel 111 i asia? :grin: Alphasim sin dette ser det ut som. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Chris_Andre Martinussen Skrevet 10. april 2010 Del Skrevet 10. april 2010 Tøffe bilder. Ser mer ut som ein merge mellom IL2 og SH;-) Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Kenneth Rønning Skrevet 10. april 2010 Del Skrevet 10. april 2010 Flott historie med fine bilder dette Torstein. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Even Moe Egenes Skrevet 10. april 2010 Del Skrevet 10. april 2010 Vil tro dette er FS9 og SHII/III? Utrolig bra hvertfall! Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Øyvind Schou Johnslien Skrevet 10. april 2010 Del Skrevet 10. april 2010 Tja nå er jeg riktignok fargeblind, men at det var så galt hadde jeg ikke trodd. :grin: Knall story og fine bilder. Ble fristet.. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Premium Medlem Ernst K.Furuhatt Skrevet 10. april 2010 Premium Medlem Del Skrevet 10. april 2010 Himmel og hav, det var ikke småtterier til reportasje . Stilig var det også, i samme ånd som de mange krigsreportasjene som går på TV nå, i anledning 70 år siden den tyske invasjonen av Norge . Ser heftig ut den ubåtsimmen, men den er vel en tålmodihetsprøve...... ?? Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 10. april 2010 Forfatter Del Skrevet 10. april 2010 Joda Ernst: Det er ei tålmodsprøve. Ein kan sitje i timesvis med SH4 for å få av garde ein torpedo, og så bommar den, og du må stikke av, og byrje heilt på nytt att. :grin: Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anbefalte innlegg
Bli med i diskusjonen!
Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.