Gå til innhold

American 1496 Heavy BGO-ANC


TOS

Anbefalte innlegg

Tok meg ein rett lang tur idag. Flighten gjekk ifrå Bergen Lufthamn Flesland, til Stevens Anchorage Intl, i Anchorage Alaska. Flighten var planlagt til å vare i 10 timar og 45 minutt, men faktisk flygetd vart nærare 11 timar og 30 min pga sterkare motvind enn varsla.

 

Ruta me fulgte på denne turen var:

--------------------------------------------------------------

TINKO UZ107 STO UM609 EVD UZ201 HTK UP80 LATEN B483 UOHH B153 CZ B148 UTS G370 INLIR A812 UHMM G370 URABI B337 BUMAT B233 BETAM G212 VALDA H222 MCG.

--------------------------------------------------------------

Den tek oss nordover langs norskekysten før den sender oss inn over Nordishavet og vidare austover før me set kursen litt sydligare att inn over Sibir. Midtvegs over Sibir vart det stepclimb ifrå FL330 til 350 og seinare til 370 og 410 for å prøve å få betre vindforhold.

 

Me tok av i grålysninga i eit nydeleg vêr på Flesland med ein svak nordleg bris. Lasta med vel 41000lbs last, og 156400 lbs drivstoff. Tok ikkje bilete før eg var på siste del av innflygninga til Anchorage. Metaren for landing var:

PANC 122153Z 00000KT 1/4SM R07R/4500VP6000FT FZFG VV001 M08/M11 A2997 så me tok ei CAT III landing på rullebane 07R.

 

1.jpg

Nedstigninga er starta, sikten er svært låg men det er fine flygeforhold mtp turbulens og vind.

 

2.jpg

Me er nede på 1600 fot og klare til å komme inn på ILS.

 

3.jpg

Etablert på ILS, hjula er nede og me dundrar innover imot rullebana.

 

4.jpg

700 fot over rullebana, og fortsatt ikkje syn av flyplassen.

 

5.jpg

Styrmannen gaular ut "Contact straight ahead!" og me har rullebana i sikte.

 

6.jpg

Like før me er nedpå.

 

7.jpg

Berre nokre få meter igjen til me er nedpå asfalten etter laaange timar i lufta.

 

8.jpg

Motorane går i revers, spoilerane kjem opp og bremsene slår inn på hjula.

 

9.jpg

Me svingar av på ein taksebane og fr handover til ground control.

 

10.jpg

Etter nokre minutt med taksing i tåkehavet, kjem termnialen ut av intet.

 

11.jpg

Parkert ved gate, snaue 11 timar og 26 minutt etter avgang frå Flesland. I tankane har me 19000 lbs drivstoff igjen, noko som akkurat held til alternate og holding pluss 15 minutt ekstra. Så eg er glad eg tok med 20 000 lbs ekstra drivstoff ifrå Flesland.

 

Cpt. Sønstabø og hans mannskap takkar for turen og ønskar på snarleg gjensyn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jan Arild: Ja det tok ikkje lange tida etter eg landa før eg ikkje såg skiten og sikta droppa under takeoss minimums. Så då måtte eg vente til neste dag før eg kom meg vidare. :)

 

Ernst: Ja var ein fin atmosfære i cockpit på veg innover. Såg ingenting, varmt og godt, og kaffi i kruset. Alltid greitt å nippe til kaffikoppen medan flyet landar :grin:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...